Skrevet av Berit Angelskår, tidlegare ledsagar Betlehem og Tulkarem
Utstillinga er eit samarbeidsprosjekt mellom Venskapsbyforeininga Bergen – Vestbredda, Bryggen museum og Den kulturelle skulesekken, med støtte frå Bergen kommune, Kirkens Nødhjelp og Redd Barna.
 |
| Ein sko ligg utan eigar på asfalt, og nokre patronhylser er å sjå ved sidan av. Er den svarte flekken ved skoen blod? Layan (16) fryktar at nokon nære ho skal verta skoten. (Foto: Layan Al Azza) | |
”Våre draumar og mareritt” er laga av unge palestinske flyktningar tilknytte Lajee senter i flyktningleiren Aida, ved Betlehem. Dei unge fotografane har alle skissert opp ein draum og eit mareritt, og fotografen Rich Wiles har lært dei å ta desse med kamera.
- Alle har draumar, både gode draumar og vonde draumar,” fortel Wiles som gjesta Bergen i samband med opninga og som har jobba i leiren sidan 2003.
Utstillinga gjer eit nakent innsyn i tankeverda til okkuperte ungdomar. Bileta utfordrar såleis det vanlege nyheitsbilete der palestinarar anten vert framstilla som hjelpelause offer eller som væpna menn med tildekte andlet.
Dei skildrar ein kvardag der ufridom er blitt det ”normale” for unge menneske, kor draumen om rørslefridom er så stor at den nærmast blir handgripeleg. Men gatene i Aida flyktningleir er for smale og muren for høg til at stemmane deira når ut.
Draumar på reise
Gjennom fotografi kan ungdomane nå over muren og ut til verda. Utstillinga har allereie vore vist i byar som Sydney, Paris, London, Edinburgh og Amsterdam. Trua på at internasjonalt informasjonsarbeid kan gjere ein skilnad er enno sterk, og utstillinga er eit ledd i dette arbeidet. Bak prosjektet står to tidlegare deltakarar i Det økumeniske ledsagerprogrammet i Palestina og Israel og kunstnaren Jørgen Blitzner.
- Det er lett å identifisera seg med draumane, men mareritta deira skil seg drastisk frå våre, sa Blitzner under opninga av utstillinga. - Likevel er det mareritta som mest sannsynleg blir sanne.

Nimer draumer om å returnera til landsbyen der det sto ein heim som nykelen passa til. (Foto: Nimer Al Azzeh, 15 år)
For mer informasjon, kontakt:
- Linda Nordby, tlf: 932 42 431, e-post:
