- Fyrst og frems vil me gratulera Finansministaren med ei framoverlent melding og me er særs nøgde med det store gjennomslag for Kirkens Nødhjelp sine innspel, seier generalsekretær i Kirkens Nødhjelp, Atle Sommerfeldt. Han påpeiker særleg fylgjande punkt der meldinga har teke opp i seg Kirkens Nødhjelp sine innspel:
- Aktiv fremjing av miljø- og klimavenleg energi gjennom positiv filtrering og miljøinvesteringsprogrammet.
- Styrka fokus på openheit i finansstraumar, inkludert land-for-land rapportering, konkretisert gjennom eit forventingsdokument om selskap si openheit og rapportering om betalingsstraumar.
- Vidare arbeid med tanke på å etablera eit investeringsprogram for berekraftig vekst i framveksande marknader.
- Ekskludering av tobakksindustrien frå investeringsuniverset.
- Betre samordning av arbeidet til Etikkrådet og Eigarskapsavdelinga i Noregs Bank, den offentlege observasjonslista er eit viktig tiltak i så måte.
- Offentleggjering av Etikkrådet sine arbeidsmetodar og prinsipp for utval av selskap.
Det er ogso på sin plass å gje honnør for lovnaden om å ta initiativ, samt finansiera, ein studie som tek føre seg samanhangen mellom klimautfordringane og dei finansielle marknadene i eit lengre perspektiv.
Per N. Bondevik, rådgjevar for bedrifters samfunnsansvar i Kirkens Nødhjelp, meiner at meldinga gjev eit godt utgangspunkt for arbeidet vidare og understrekar at Kirkens Nødhjelp vil fylgja særleg nøye med på utarbeidinga av kriteria for observasjonslista, samt sikra at signala om eit fattigdomsorientert portefølje innanfor Statens Pensjonsfond Utland vert meir enn gode intensjonar.