På ein pressekonferanse fredag 13. februar letta finansministar Kristin Halvorsen litt på sløret når det gjeld revisjonen av dei etiske retningslinene til Statens Pensjonsfond - Utland (SPU).
For fyrste gong vart eit selskap sett på ei offentleg observasjonsliste. På bakgrunn av grov korrupsjon ba finansiministaren både Etikkrådet og Noregs Bank halda nøye auge med selskapet Siemens framover for å verifisera om dei set i verk truverdige anti-korrupsjonstiltak.
- Dette må tolkast som at finansministaren no innfører eit nytt verkemiddel i det etiske arbeidet til Oljefondet. Kirkens Nødhjelp stiller seg positiv til innføringa av ei offentleg observasjonsliste som eit tredje verkemiddel. Dette er eit tiltak som eit stykke på veg svarar på eit av våre innspel til revisjonen av dei etiske retningslinene, nemleg større samanhang mellom aktivt eigarskap og uttrekksmekanismen, seier Per N. Bondevik, politisk rådgjevar i Kirkens Nødhjelp.
Legger press på selskapene
Det som fortsatt manglar er klare kriterier for at selskap skal koma på denne lista, og kva som skal til for at dei kan ”friskmeldast”. Eit av dei kritiske punkta ved den aktive eigarskapen er manglande informasjon om kva selskap ein er i dialog med og kriterie for å avgjera kor lenge dialogen skal halda fram. Dette kan til ein viss grad kompenserast med aktiv bruk av offentleg observasjonsliste samstundes som ei slik liste vil auka merksemda og dermed presset på selskapa til å iverksetja seriøse forbetringstiltak.
- Me har forventingar til at Stortingsmeldinga som vert lagt fram om eit par veker er tydeleg på dette feltet, seier Bondevik vidare. Det er mange kandidatar til ei slik liste, mellom anna korekanse Daewoo med aktivitetar i Burma og sørafrikanske Anglo Gold Ashanti som driv omstridt gullgruveverksemd i Tanzania.
Glad for Burma-uttrekk
I tilleg annonserte Halvorsen uttrekk frå det kinesiske selskapet Donfeng Motor Group for sal av våpen til Burma. – Me er glade for dette uttrekket og vil samstundes oppmoda Finansdepartmentet til å kasta eit kritisk blikk på aktivitetane til andre kinesiske selskapi Burma, seier Camilla Buzzi, politisk rådgjevar i Kirkens Nødhjelp.
For meir informasjon, kontakt:
- Per Bondevik, politisk rådgiver, tlf: 982 46 442
- Jens Aas-Hansen, kommunikasjonsrådgiver, e-post:
, tlf: 982 02 505