Hopp direkte til innhold

Act now for climate justice

Partane i klimaforhandlingane møtast denne veka i Sør-Afrika for å førebu seg til toppmøtet i desember. Samstundes ber religiøse leiarar dei om å handle for å stoppe klimaendringane.

Fra pressekonferansen. (Foto: Bergit Sønstebø Svendseid, Kirkens Nødhjelp)

Måndag 17.oktober haldt We have faith – Act Now for Climate Justice pressekonferanse i St George’s Cathedral i Cape Town.

Katedralen er kjent for å ha vore ein sentral samlingsstad i kampen mot apartheid. Måndag morgon blei We have faith-kampanjen presentert for sørafrikansk media same stad.

Mangel på mat og vatn

Kampanjen mobiliserar i desse dagar trussamfunn og menneske over heile Afrika til å krevje eit ansvarleg resultat av klimatoppmøtet (COP17) i Durban i desember.

Liz McMaid frå SAFCEI (Southern African Faith Communites’ Environment Institute) fortalte om kva for konsekvensar klimaendringane kan få for Sør-Afrika. Ho sa det vil bli enda større forskjell på fattig og rik i Sør-Afrika, om folk frå landsbygda må flykte inn til byane på grunn av mangel på mat og vatn.

Kjempar for rettferd

Religiøse leiarar frå fleire trussamfunn var tilstade på pressekonferansen, saman med organisasjonane bak kampanjen.

- Vi trur at Gud har gjeve oss eit svar. Han ber oss om å kjempe for rettferd, sa den anglikanske biskopen Geoff Davies då han la fram kampanjen.

Cape Town er denne veka og neste også vert for eit førebuingsmøte for land som skal delta i klimaforhandlingane. We have faith-kampanjen ber deltakarane på dette møtet om å sikre at ei juridisk bindande klimaavtale blir resultatet av COP17 i Durban.

Publisert: 18.10.2011

Pressekontakt

Er du journalist og vil vite mer om Kirkens Nødhjelps arbeid? Ta kontakt med vår pressekontakt!

Tlf 932 42 493

Eller Ida Thomassen (fungerende seksjonsleder)
Tlf  975 15 711