Hopp direkte til innhold

Kirkens Nødhjelp-kontakt

Kirkens Nødhjelp-kontaktene er Kirkens Nødhjelp sine viktigaste medarbeidarar. Her får du møte ei av dei: Sølvi Rise er Kirkens Nødhjelp-kontakt i sin lokale kyrkjelyd i Trondheim.

- Kirkens Nødhjelp er mitt hjartebarn, smilar Sølvi Rise. Ho er diakon i Strindheim kyrkjelyd i Trondheim, og kyrkjelyden sin friviljuge Kirkens Nødhjelp-kontakt.

Tidleg i sommar planta Kirkens Nødhjelp-kontakten Sølvi Rise og resten av Strindheim kyrkjelyd i Trondheim Kirkens Nødhjelp sitt klimatre, eit synleg prov på kyrkjelyden sitt internasjonale engasjement.

- Kva inneber det å vera såkalla Kirkens Nødhjelp-kontakt?

- I vår kyrkjelyd betyr det at eg er involvert i Kirkens Nødhjelps fasteaksjon kvart år. Akkurat no prøver eg å få folk til å skrive under på underskriftskampanjen "Climate Justice" knytta opp mot klimatoppmøtet i København i desember. Når det kjem post frå Kirkens Nødhjelp så hamnar han hjå meg, og elles freistar eg å setje fokus på Kirkens Nødhjelp sitt arbeid der det fell naturleg.

Viktig rolle

Som friviljug Kirkens Nødhjelp-kontakt er Sølvi Rise ein av Kirkens Nødhjelp sine viktigaste medarbeidarar i Noreg. Ho er organisasjonen sin kontakt i kyrkjelyden, og kyrkjelyden sitt bindeledd med den globale kyrkja og Kirkens Nødhjelp sitt nettverk elles. Kyrkjelydane er nemleg Kirkens Nødhjelp sin grunnvoll. I Den norske kyrkja er det denne hausten vald nye sokneråd, og i samband med dette blir ein god del av Kirkens Nødhjelp-kontaktane bytta ut. Kirkens Nødhjelp-kontakten blir nemleg oppnemnd av soknerådet/eldsterådet i kvar enskild kyrkjelyd.

- Kirkens Nødhjelp er kyrkja sin eigen organisasjon. Det er med andre ord vår kyrkjelyd sin organisasjon, og det er me som kyrkje som står bak, slår Sølvi Rise litt stolt fast.
- Difor er det heilt naturleg at me som kyrkjelyd engasjerer oss i diakonalt internasjonalt arbeid gjennom Kirkens Nødhjelp, seier Rise.

Fantastisk

Rise er med andre ord oppteken av å halde fram at Kirkens Nødhjelp sitt arbeid er Strindheim kyrkjelyd sitt arbeid.

- Det er jo heilt fantastisk å ha ein så profesjonell organisasjon som Kirkens Nødhjelp som organiserer internasjonalt hjelpearbeid for oss som kyrkjelyd!

Sølvi Rise er altså diakon i kyrkjelyden der ho er Kirkens Nødhjelp-kontakt. Men ho understrekar at ein friviljug like godt kan ta på seg den oppgåva.

- For meg er Kirkens Nødhjelp-kontakten ein som hjelper til med å organisere og koordinere det internasjonale engasjementet i kyrkjelyden, samtidig som det er den personen Kirkens Nødhjelp kan ta kontakt med i kyrkjelyden. Om denne kontakten er ein tilsett eller en friviljug, er ikkje så viktig, understrekar Sølvi Rise.

Bry seg

For Sølvi Rise gir det å engasjere seg friviljug i Kirkens Nødhjelp viktige perspektiv.

- Det er kjempeviktig å sjå lenger enn sin eigen nasetipp, å sjå at me som bur på denne jorda, høyrer saman, at me er avhengige av kvarandre. Som kyrkjelyd blir vårt engasjement i Kirkens Nødhjelp ein måte å bry oss om våre søsken i andre land på, slår Sølvi Rise fast.

Publisert: 04.11.2009

Håndbok for frivillige i Kirkens Nødhjelp

I håndboken for frivillige i Kirkens Nødhjelp finner du som er Kirkens Nødhjelp-kontakt mye praktisk informasjon.

For eksempel inneholder håndboken:

  • Årshjul og hjelp til å planlegge året
  • Tips til hvordan du kan engasjere deg på ulike måter
  • Tips til hvordan du kan jobbe med Kirkens Nødhjelps fasteaksjon og jul
  • Samt generell informasjon om Kirkens Nødhjelp


 Klikk her for å laste ned håndboken (.pdf, 351 kb)

Fakta om Kirkens Nødhjelp-kontakten

  • Kirkens Nødhjelp-kontakten er oppnemnd av sokneråd/eldsteråd i kvar kyrkjelyd.
  • Kirkens Nødhjelp-kontakten kan vera ein friviljug eller ein tilsett i kyrkjeyden.
  • I kvart prosti/distrikt har Kirkens Nødhjelp 1-3 distriktskontaktar, som også er friviljuge medarbeidarar. Dei held kontakten med Kirkens Nødhjelp-kontaktane i sitt distrikt, og koordinerer arbeidet lokalt.
  • I samarbeid med tilsette og friviljuge medverkar Kirkens Nødhjelp-kontakten til kyrkjelyden sitt engasjement i fasteaksjonen og sikrar takkoffer i jula. I tillegg spelar Kirkens Nødhjelp-kontakten ei rolle når det gjeld å innarbeide haldningar og handlingar for global rettferd i kyrkjelyden