Hopp direkte til innhold

Flaskepost fra 250 konfirmanter i Spjelkavik

"Det er alltid dei fattige som rammast hardast av klimaendringane. Vi i dei rike landa har pengar til å verna oss sjølv, det har ikkje dei fattige." Fredag 12. mars var det nødhjelpsseminar for konfirmantane i Spjelkavik.

Kirkens Nødhjelps aksjon i fastetiden har i fjor og i år fokus på klimaendringar. Det er alltid dei fattige som rammast hardast av klimaendringane. Vi i dei rike landa har pengar til å verna oss sjølv, det har ikkje dei fattige. Derfor sender konfirmantar og mange andre i desse dagar flaskepost til politikarar i heile landet. Breva skal i alle fall innom fylkespolitikarar før dei ender opp hos stortingspolitikarane og regjeringa. Kravet er rettferd i klimaspørsmål og miljøarbeid.
 
 
Fredag 12. mars var det nødhjelpseminar for konfirmantane i Spjelkavik, med kateket Jon Ivar Tønnessen i spissen. Der fekk dei høre om kva Kirkens Nødhjelp brukar pengane til og korleis dei kan hjelpe til å forandre verda. På biletet står konfirmantar frå FRI2 og FRI4 med sin flaskepost i handa, og konfirmantane er og klare til innsats på aksjonsdagen den 23. mars!
 
Meir om underskriftskampanjen her:  Climate Justice 2 (her kan du og skrive under på kampanjen på nett).
 
 

Publisert: 15.03.2010