Mødrehelse

Mor og barn

– Mange mødre har døydd då dei skulle føde heime

Mødrehelse

– Mange mødre har døydd då dei skulle føde heime

Då Agnes Mathias (35) kjende at vatnet gjekk, la ho i veg til fødestova ei halv mil unna. Til fots.

– Eg er veldig takksam for at det gjekk bra, og for at eg kunne kome hit og føde, seier Agnes.

Ho har blitt mor for tredje gong. Heime i "huset ved brua", som adressa hennar er, ventar stolte storesøsken; Frank på 10 år og Martha på to og eit halvt.

Mange mødre døyr

Ho snakkar med mild og lågmælt stemme. Eric ligg i armkroken hennar og søv. På fleire av dei 13 sengene i rommet ligg nybakte mødre. Slitne, men lykkelege for at det har gått bra.

- Eg har høyrt om mange mødre som har døydd då dei skulle føde heime, fortel Agnes alvorleg.

Av 100.000 kvinner som føder i Malawi er det kvart år 634 som ikkje overlever.

– Enkelte døyr av blodtap, fortel Agnes.

Manglar jordmødre

Og av hundre tusen barn er det 64 (2015) små som døyr under, eller kort tid etter, fødselen. Det gjer Malawi til eitt av dei landa med høgste dødstal for mor og barn.

Mangel på fødeklinikkar, med godt utdanna jordmødre og sjukepleiarar, er eitt av problema.

Legg merke til at vi har innlagt vatn på alle fødestuene og på alle pasientrom.
Oversjukepleiar Mayeso Elison Chikwalikwali

- På ein travel dag må kvinner føde rett på golvet, i korridoren. Då må vi stige over dei for å kome fram, og det er ikkje bra, fortel jordmor Eunice Katondo Masiye (29). Det var ho som tok imot Eric klokka 02.00 natta før. No er ho tilbake, klar for ny nattevakt.

Støttar sjukepleieskular

Eunice er ei av Malawis jordmødre som er utdanna ved sjukepleieskulen i Nkoma, ei av 12 sjukepleie- og jordmorutdanningar som Kirkens Nødhjelp støttar. I løpet av dei siste seks åra har ho tatt imot ‘sikkert tusenvis’ av barn på klinikken i Lumbadzi, utanfor Malawis hovudstad Lilongwe.

Eric er eitt av 160 barn som siste månaden har kome til verda på Lumbadzi-klinikken. Og han blir eitt av dei siste. For den 30 år gamle klinikken er ikkje lenger eigna til formålet. Utstyret er utrangert, og kapasiteten sprengt.

Ny klinikk opna

Difor har Kirkens Nødhjelp bygd ein ny fødeklinikk, rett over gårdsplassen. Med støtte frå den norske ambassaden i landet er klinikken utrusta med avansert teknologisk utstyr.

- Legg også merke til at vi har innlagt vatn på alle fødestuene og på alle pasientrom, seier oversjukepleiar Mayeso Elison Chikwalikwali. Han viser veg gjennom den nyopna fødeklinikken, og peikar på dei kvite porselensvaskane med kaldt og varmt vatn i springen.

Det er slutt på å gå ut på gårdsplassen for å pumpe vatn frå brønnen.

Betre plass: På den nye klinikken kan dei som nett har fødd sleppe å ligge på rom med dei som snart skal føde. Då vert det også mindre risk for smitte.
Betre plass: På den nye klinikken kan Agnes og andre som nett har fødd sleppe og ligge på rom med dei som snart skal føde. Då vert det også mindre risk for smitte.

- No skal eg heim å vise han fram til familien, og fortelle mannen min at minsteguten vår skal heite Eric, seier Agnes med eit lurt smil. Agnes Mathias gjer seg klar til å gå den halve mila heimatt til "huset ved brua". Det blæs ein kald vind utanfor. Eric får på seg ei rosa strikkelue, den har gått i arv sidan bestemor strikka den til søster Martha.

- Veit ikkje mannen din at guten skal heite Eric?

- Nei. Han bestemte namna på dei to første, så no var det min tur. Og namnet blir Eric.

Fakta:

  • Kirkens Nødhjelp samarbeider med organisasjonen Cristian Health Association of Malawi (CHAM), som utdannar kring 80 prosent av alt helsepersonell i landet.
  • 584 sjukepleiarar og jordmødre blei ferdig utdanna i 2015, gjennom Kirkens Nødhjelp og CHAM sitt helsearbeid.
  • I 2016 fekk 2235 kvinner føde under trygge forhold på helse- og fødeklinikkar som Kirkens Nødhjelp støttar.
  • Over 22 000 menneske fekk i fjor tilgang til grunnleggande helsetenester gjennom vårt arbeid.

 

Du kan også bidra

Med di støtte kan fleire mødre som Agnes få føde sine barn i tryggleik.
Hjelp Kirkens Nødhjelp å utdanne fleire helsepersonell og å bygge fleire klinikkar i Malawi.

Les hvordan

Tilbake