– Fleire våpen skapar ikkje meir fred

Fader Alexi jobbar dagleg for fred i Syria. Han er overtyda om at freden til slutt vil vinne, men då han fekk høyre at Noreg no skal trene opp soldatar til å krige i heimlandet hans — då vart han sjokkert.

– Den beste måten å oppnå fred er ikkje ved å ha fleire våpen i landet, sa Fader Alexi då han i dag besøkte Kirkens Nødhjelp sitt hovudkontor i Oslo.

– Heller bensin på bålet

Han hadde så vidt høyrt rykta om at Noreg no planlegg å sende ein spesialstyrke på 60 soldatar til Jordan. Soldatane skal bidra i opplæringa av soldatar som skal kjempe mot IS inne i Syria.

– Me snakkar om fred, men samstundes heller me bensin på det brennande bålet. Skal me trene opp folk til å krige, spør Fader Alexi og viser til Libya og Irak som dømer på at ekstern innblanding ikkje nødvendigvis fører til fred.

Sjølv om krigen i Syria er inne i sitt femte år, så er Fader Alexi likevel optimist. Han meiner at freden vil kome etter kvart, og at det er fred som er det viktigaste for det syriske folk.

Organisasjonen han er leiar for, Greek Orthodox Church of Antioch (GOPA), samarbeider tett med Kirkens Nødhjelp. Dei jobbar inne i Syria, mellom anna med å sikre folk tilgang til vatn, undervisning, arbeidstrening og tilgang til helsetenester.

– Syria må sjølve finne løysinga

Fader Alexi likar å sjå framover i tid, og han meiner at våpenkvila som har vore den siste tida får det til å sjå litt lysare ut for Syria. Men for å oppnå varig fred må ikkje omverda blande seg for mykje inn i interne forhold i Syria.

– Syrarar må sjølve få bestemme korleis dei skal leve. Andre land ønskjer løysingane som passar dei best, og dei bør ikkje blande seg for mykje. Du ville jo ikkje latt andre få blande seg opp i korleis du har det i heimen din, eller korleis du oppdrar borna dine, seier presten.

Fader Alexi fortel om ein aukande optimisme inne i Syria no.

– Våpenkvila har påverka samfunnet positivt. I påska var kyrkjene fulle, fordi folk føler seg tryggare no på grunn av våpenkvila.

– Kyrkja er også etterspurt av muslimar i Syria

Den gresk-ortodokse kyrkja har ei sentral i det humanitære arbeidet i Syria. Fader Alexi meiner kyrkja er viktig også for muslimar. Han viser til ein by i det sørlege Syria der folk valte å bli værande så lenge kyrkja haldt fram sitt arbeid.

– Både kristne og muslimar sa at kyrkja var avgjerande for at dei vart verande. Det er viktig at me er til stades og bidreg positivt, understreker presten.

I likskap med Fader Alexi, så held Kirkens Nødhjelp fram arbeidet mot fred i Syria. I ei av dei verste krigane i nyare tid bidreg me med å bygge brønnar, betre dei sanitære tilhøva og gje mat til familiar som ikkje har mat.

Les meir om vårt arbeid

Gi en gave

Din støtte går der behovet er størst

Du kan gi uten å fylle ut opplysninger om deg selv, men legg gjerne inn e-postadresse og telefonnummer om vi kan få lov å kontakte deg av og til, for eksempel de gangene vi trenger akutt hjelp.

Fast månedlig betaling med:

eller
Gaven din kan gi 0 kr er nok til å gi 1 person personer varig tilgang til rent vann hver måned
Akkurat nå er behovene for nødhjelp akutte i