Byggjer landet – igjen

Svake hus ein ny risiko for dei som no vender tilbake til Syria, åtte år etter at borgarkrigen braut ut. Kirkens Nødhjelp og lokale aktørar sørger no for at dei har trygge hus å bu i.

No er det åtte år sidan borgarkrigen braut ut i Syria. Millionar har blitt drive på flukt og mange byar ligg smadra etter årevis med kamphandlingar. No har dei syriske regjeringsstyrkane tatt over kontrollen i det meste av landet, og tusenvis av flyktningar tar sjansen på å reise tilbake til heimbyane sine.

Fleire stader i Syria jobbar Kirkens Nødhjelp sin partnerorganisasjon GOPA med å byggje opp igjen hus, og å gje innbyggjarane tilgong til reint vatn.

Feriebyen Zabadani

Zabadani var ein flott by i ein frodig, solfylt dal. Byen med 45.000 innbyggjarar var ferieby for folk frå Damaskus. Om sommaren var innbyggjartalet i byen ein halv million. Etter at Nusrafronten og andre opprøyrsgrupper knuste byen, vart innbyggjartalet null. 900 bygningar vart øydelagde, 13 skular vart knust. Folk flykta til andre delar av Syria, og mange flykta over grensa til Libanon, som ligg berre 20 minutt unna med bil.

Det siste året har folk så smått byrja å flytte tilbake i leiligheiter som blir rehabilitert av Kirkens Nødhjelp sin partner GOPA. Det er hjelpeorganisasjonen til den gresk-ortodokse kyrkja i Syria, og Kirkens Nødhjelp har støtta GOPA sidan borgarkrigen braut ut i 2011.

Fleire ville ha kome tilbake til Zabadani viss det var fleire leiligheiter tilgjengeleg. Det er farleg å flytte inn i hus som ikkje har blitt vurdert av ingeniørar. Det har skjedd at hus har rasa saman over folk som har flytta tilbake.

GOPA sine ingeniørar sjekkar difor leiligheitene, deler dei inn etter kor øydelagde dei er, og vurderer kva dei må rive, og kva som kan bli reparert. Dei bruker arkiv, og snakkar med naboar, for å avklare at leiligheitene faktisk tilhøyrer dei som får dei tilbake.

Tilbake på skulen

I hamnebyen Latakia har GOPA reparert ein skule som låg på frontlinja mellom islamistiske oppryørsgrupper og regjeringsstyrkene. I 2015 vart skulen med over 500 elevar truffe av ein rakett – tre minutt før skuledagen var over. Heldigvis kom ingen til skade av raketten, men skulen vart øydelagd. No er skulen klar til bruk for dei lokale, og for dei mange internt fordrivne flyktningane i området.

Også infrastrukturen har blitt øydelagd mange stadar i Syria, og tilgong til vatn er heilt avgjerande for at folk skal kunne flytte tilbake til nabolaga sine. I Damaskus har Kirkens Nødhjelp og GOPA bygd eit vassanlegg som reinsar vatn og forsyner 40.000 menneske i byen med reint vatn.

Dette er no det største vassanlegget i Damaskus, og dei kan også snu pumpa og sende vatn ned i grunnvatnet. Der blir det lagra slik at innbyggjarane kan bruke vatnet seinare på sommaren, når det vanlegvis er mangel på vatn. Dette gjer at Damaskus no har eit sterkare vern mot klimaendringar.

Åtte år etter at borgarkrigen braut ut, er det tid for å byggje landet igjen. Det er ein enorm jobb som må til, og familiane som flyttar heim treng hjelp til ein god start.

Publisert: