Kyrkja sin korrupsjonsjeger

Angola er eitt av dei mest korrupte landa i verda. Studenten Suzana brukar all si ledige tid til å tale dei fattige si sak, og stille styresmaktene til ansvar.

Mbanza Kongo, Angola: Med eit vakent blikk, myndig stemme og inntrengande spørsmål granskar Suzana (29) kvifor den nybygde helseklinikken manglar innlagt vatn. Ho er korrupsjonsjeger på oppdrag for kyrkja i Angola

Den 29 år gamle psykologistudenten brukar mesteparten av si ledige tid til å bekjempe korrupsjon og sosial urett i Angola. Ho er ei av mange som er tilslutta monitoreringsprogrammet som Kirkens Nødhjelp driv saman med kyrkjerådet i Angola. Oppdraget er å kartlegge behov og manglar i den fattige delen av befolkninga og jakte på korrupsjon og feil bruk av offentlege midlar.

Kvar gong vi påpeikar feil og manglar, har det blitt tatt tak i og ordna.
-Suzana

 

 

Ekstrem fattigdom

Få stader i verda er skilnaden mellom fattig og rik større enn i Angola. Det oljerike landet har reist seg i rekordfart etter 41 år med borgarkrig og er no den tredje største økonomien på det afrikanske kontinentet. Men i den oljesmurte nasjonen lever ein av tre innbyggarar i ekstrem fattigdom, medan ein liten elilte badar i luksus og dollar. Korrupsjonen er ein del av dagleglivet, og altfor mange kan kjøpast til velvilje.

Ikkje Suzana. No står ho utanfor ein nokså nybygd helseklinikk heilt nord i Angola, på grensa til Kongo. Sjukepleiar André Timotio Diaki fortvilar over at han enno ikkje har fått innlagt vatn i klinikken sin; det går ut over pasientane hans. Kva som har skjedd, er uvisst, men pengane som skulle sikre reint vatn i springen, kan ha hamna på avvege eller i feil lomme. Det er det Suzana vil finne ut av.

Korrupsjon og fattigdom

– Kvar gong vi påpeikar feil og manglar, har det blitt tatt tak i og ordna, fortel Suzana. Ei av suksesshistoriene hennar er om vegen ut til ein landsby som var så dårleg at folk ikkje kom seg til sjukehus. Då dette vart påpeika og rapportert til dei lokale leiarane, blei vegen straks utbetra.

Suzana er handplukka av kyrkja si til å vere med i den lokale monitoreringsgruppa. Dei starta arbeidet i 2013, og oppdraget er todelt: Å finne ut om pengane i dei offentlege budsjetta blir brukte slik dei skal, og å kartlegge behova til den fattigaste delen av befolkninga.

Suzana (t.h.) inspiserer ein vannpost som vart bygd etter at ho og kollegaene rapporterte om ein landsby som var utan reint vatn.

– Vi går inn i ein landsby og teiknar kart over landsbyen i sanden. Så deler vi innbyggarane inn i ulike grupper; kvinner, menn og barn. Vi spør alltid den svakaste gruppa først, slik at den sterkaste gruppa ikkje får legge føringane. Vi spør om kva behov dei har, kva som manglar og kva som ikkje fungerer. Alt blir rapportert til dei lokale styresmaktene.

Styresmaktene i Angola veit at dei ikkje kan forby arbeidet vi gjer, fordi vi som kyrkje har folket med oss.
-Suzana

 

 

Kyrkja er ei bru

– Er det viktig at det er kyrkja som gjer dette arbeidet?

– Ja, det er veldig viktig. Vi fungerer som ei bru mellom folk i landsbyane og styresmaktene. Det sosiale arbeidet er jo ein viktig del av kyrkja sitt oppdrag, og vi har til og med opplevd at lokale styresmakter har lånt ut arbeidskraft til oss, slik at vi får gjort jobben vår, fortel Suzana.

Kirkens Nødhjelp samarbeider med kyrkjerådet i Angola om monitorering av lokale budsjett og straumen av oljepengar ut til dei fattige distrikta. Dei lokale kyrkjene har blitt trente opp til å forstå korleis offentlege budsjett blir til og fungerer.

Stilt til ansvar

– Unge mennesker som Suzana utgjer grunnstammen i mykje av arbeidet som fører til at lokale styresmakter blir oppfordra til å stå til ansvar for sine eigne planar og må svare på kvifor ting ikkje skjer som planlagt, seier Kirkens Nødhjelp sin mangeårige landrepresentant i Angola, Vibeke Skauerud.

No er det helseklinikken utan vatn som er Suzana sitt oppdraget. Rapporten ho skriv, skal leggast fram for lokale styresmakter. Dersom dei ikkje ordnar opp, hamnar kapittelet om helseklinikken i rapporten som blir offentleggjort årleg i hovudstaden Luanda.

Ris bak spegelen

Slik fungerer riset bak spegelen for eit regime som er avhengig av å dempe misnøya i det store mindretalet av ekstremt fattige. Det murrar også blant Angolas mange arbeidslause unge, dei distanserer seg frå borgarkrigen og vil ha sin del av velstaden og utviklinga. Difor har president José Eduerdo Dos Santos og hans regime valgt å spele på lag med kyrkja sine korrupsjonsjegerar.

– Styresmaktene i Angola veit at dei ikkje kan forby arbeidet vi gjer, fordi vi som kyrkje har folket med oss. Å legge seg ut med kyrkja vil vere å legge seg ut med folket, og det torer ikkje dei som styrer, seier Suzana triumferande.