Kirkens Nødhjelps blogg

Augneblink ein aldri gløymer

Eg ser for meg Jalousie, eit fattig område ovanfor Port au Prince, og prøver å ikkje tenkje på kva som kan skje viss det verkeleg kjem 600 millimeter nedbør der. Vil heimane til mange tusen menneske bli skylt vekk? Dei små husa som klamrar seg fast til den bratte åssida, vil dei tåle vinden?

Jordskjelvet i Haiti i 2010 brakte med seg store ødeleggelser. Nå står de overfor en mulig ny naturkatastrofe. Foto: Arne Grieg Riisnæs / Kirkens Nødhjelp.

Og eg tenker seks år tilbake: Til ein tidleg vintermorgon i Oslo; eg blir vekt av telefonen som ringer. Ser at det er ein kollega som har ringt. Tenkjer at han nok har bomma litt – kvifor i all verda skulle akkurat han ringe meg så tidleg på morgonen? Så les eg meldinga: Det har skjedd eit stort jordskjelv på Haiti.

Resten av dagen hugsar eg i bruddstykke. Korleis eg snubla ut av senga, skjelvande. Kasta meg inn i ei drosje medan eg desperat prøvte å få kontakt med alle menneska eg var så glad i. Meldingane og etterkvart bileta som tikka inn og teikna eit bilete av ein katastrofe som eg ikkje klarte å forhalde meg til. Forsøkte å skyve det fekk, fokusere på å gjere det eg kunne for å bidra til at folk fekk hjelp. 

Haiti utgjør den vestlige delen av øya Hispaniola.
Haiti utgjør den vestlige delen av øya Hispaniola.

Men eg hugsar ein tanke som stadig surra i hovudet: Kvifor no? No som det faktisk var fleire ting som gjekk i riktig retning i Haiti, etter mange, mange vanskelege år. Det same spørsmålet har eg stilt meg tallause gonger den siste veka, medan eg har følgt med på korleis orkanen "Matthew" sakte, men sikkert nærmar seg Haiti. Kvifor no? No som landet endeleg skal halde val og få på plass ei folkevald regjering, parlament og lokale styresmakter? No som vi ser at ein del av dei statlege institusjonane faktisk leverer betre? Og ikkje minst, no som folk har kome seg litt på beina att etter det øydeleggande jordskjelvet?

Liten jente i teltleir i Cité Soleil etter jordskjelvet i 2010. Foto: Lauren Naville Gisnås / Kirkens Nødhjelp.
Liten jente i teltleir i Cité Soleil etter jordskjelvet i 2010. Foto: Lauren Naville Gisnås / Kirkens Nødhjelp.

Eg ser for meg Jalousie, eit fattig område ovanfor Port au Prince og prøver å ikkje tenkje på kva som kan skje viss det verkeleg kjem 600 millimeter nedbør der. Dei små husa som klamrar seg fast til den bratte åssida – vil dei tåle vinden? Vil grunnen halde, eller vil heimane til mange tusen menneske bli skyld  vekk? Eg ser for meg Cité Soleil og Bel Air, fattige nabolag i downtown Port au Prince. Eg huskar då eg var der, ikkje lenge etter eit heilt vanleg tropisk regnskyll. Folk var sinte: Kloakken flaut, dei vassa i kloakk inne i husa sine. Kanalen som går gjennom området var fylt av like mykje søppel som vatn, og vart oversvømt på eit blunk. Korleis vil det bli denne gongen? Må dei svømme i kloakk? Nei, for dei færraste av dei kan faktisk svømme.

 

Går haustavlinga tapt?

Landsbygda. Igjen ser eg for meg åssider, menneske som står i bratte bakkar med hakke og spade og prøver å dyrke ei jord som blir stadig meir utarma, samstundes med at Haiti blir meir og meir avskoga. Har dei nett sådd, går haustavlinga tapt? Vil husa bli ståande? Kva med alle i sør som bur på kysten og lever av fiske, vil båtane bli knuste?

Etter jordskjelvet i 2010 var dette desverre et vanlig syn i hovedstaden Port-au-Princes gater. Foto: Lauren Naville Gisnås / Kirkens Nødhjelp.
Etter jordskjelvet i 2010 var dette desverre et vanlig syn i hovedstaden Port-au-Princes gater. Foto: Lauren Naville Gisnås / Kirkens Nødhjelp.

Som mor til to små gutar tenkjer eg på alle dei bekymra foreldra rundt omkring i landet. Vala dei må ta: Skal vi evakuere, skal vi prøve å finne ein skule, ei kyrkje, eit tryggare bygg kor vi er meir beskytta? Eller skal vi vere att og passe på eigendelane våre, dei tinga vi treng for å overleve etter at orkanen er over? Eg fryktar – og forstår – at mange vel det siste alternativet. Tanken på å miste alt ein eig, gjerne ikkje for første gong, er ikkje til å halde ut. Håpet er å overleve orkanen, men også å overleve på lang sikt. 

Etter jordskjelvet var mange bygg ødelagt og gatene vanskelige å ta seg frem på. Foto: Lauren Naville Gisnås / Kirkens Nødhjelp.
Etter jordskjelvet var mange bygg ødelagt og gatene vanskelige å ta seg frem på. Foto: Lauren Naville Gisnås / Kirkens Nødhjelp.

For ein ting er sikkert, haitianare veit mykje om korleis å  overleve det meste. Så fort vinden har lagt seg og det verste regnet har gitt seg, vil folk gjere alt dei kan for å bygge opp liva sine att. 

I Kirkens Nødhjelp vil vi bidra med det vi kan for å hjelpe folk i denne prosessen. Vi samarbeider med lokale organisasjonar som verkeleg kjenner situasjonen i områda dei jobbar, og som difor både veit kva som trengst og korleis det bør gjerast. Vi skal bidra med tilgong på reint vatn og førebygging av ein ny koleraepidemi. Vi skal halde fram med arbeidet vi har gjort dei siste åra for å bidra nettopp til å begrense konsekvensane av naturkatastrofer: Styrke viktig infrastruktur, men ikkje minst bidra til at lokalsamfunna organiserer seg for å saman førebygge katastrofer. Og til slutt skal vi bidra med kanskje det viktigaste av alt: Håp. Mange i verdssamfunnet har gitt opp Haiti, mista trua på at endring er mogleg. Vi som ser endring på bakken kvar dag, veit at mykje er på riktig veg. I Kirkens Nødhjelp skal vi gjere vårt for at det held fram slik.

Del innlegget

 
Facebook