Kirkens Nødhjelps blogg

10.000 eller 1.000.000 flyktningar?

Eg lurer på korleis vi hadde reagert om vi måtte ta i mot ein million flyktningar i Noreg. Hadde eg og naboane mine i Bærum opna heimane våre for ein flyktning, slik dei gjer i Uganda akkurat no?

Agot Marol og borna Achol Dan og Abiel Dan måtte flykte til Uganda då rebellane i Sør-Sudan gjekk til angrep på landsbyen deira. Ho har seinare vendt tilbake til heimstaden. Foto: Sofi Lundin/Kirkens Nødhjelp

I 1977 var Uganda i ei djup krise, og titusenar vart drepne av ein av verdens verste despotar: Idi Amin. Landet var fragmentert og fattigdomen botnlaus. I 1987 tok President Museveni makta og starta arbeidet med å samle landet som er kalla «Afrikas perle». Men i 1997 kom ei ny flyktningbølgje då Joseph Konys «Lord Resistance Army» vart etablert, og gruppa gjennomførte grufulle angrep på folk i Nord-Uganda. 

Resultatet var at 1,7 millionar menneske frå Nord-Uganda var flyktningar i sitt eige land fram til 2007. Flyktningane budde i beskytta leire, nord i landet.

Såra frå Amin og Kony er ikkje borte i Uganda i dag, men likevel er Uganda no – i 2017 - mottakar av over ein million flyktningar frå Sør-Sudan. Vilja til å ta imot menneske på flukt frå nabolandet er så stor at Uganda ikkje bruker si urolege forhistorie som unnskyldning. 

I dag lever framleis ein tredel av befolkninga på omlag åtte kroner per dag, og eit stort fleirtal av desse i nord. Likevel tek dei altså mot flyktningane frå Sør-Sudan. Sjølvsagt er det ikkje lett å være fattig vertskap, men det er ei stor vilja til å dele land, mat, og vatn med dei som er på flukt.

Uganda er ein av verdas største mottakarar av flyktningar, saman med land som Libanon og Pakistan. Det er altså desse fattige landa som tek størsteparten av ansvaret for den globale dugnaden vi treng for å handtere den største flyktningkrisa i vår tid.

Kirkens Nødhjelp, FN og mange andre prøver å bistå. Men behova er større enn den hjelpa som blir gitt akkurat no. Eg lurer på korleis eg hadde reagert om vi måtte ta i mot ein million flyktningar i Bærum, der eg bur. Hadde eg tatt inn ein flyktning i min eigen heim?

Kirkens Nødhjelp deltek i dag i ein felles aksjon saman med 11 andre organisasjonar. Vi krev at Norge justerer opp den humanitære støtta for å møte aukande behov, at denne støtta går til dei områda som treng det mest, til dømes Uganda og nærområda rundt Syria. Til slutt ber vi Regjeringa om å sikre at flyktningkostnader i Norge ikkje vert dekka av bistandsbudsjettet. Vi vil at støtta skal gå til dei som treng ho mest.

Les kronikk om fellesaksjonen hos VG Nett her.

Del innlegget

 
Facebook