Kirkens Nødhjelps blogg

Fann tryggleik på kyrkjegarden

I Sør-Sudan er det hungersnaud, og ingen kan føle seg trygge. Kvinner vert valdtekne, folk vert rana, desperasjonen veks i takt med nauden. Eg besøkte ein kyrkjegard der 10.000 menneske søkte tilflukt.

Foto: Sofi Lundin/Kirkens Nødhjelp

Me er i Wau, ein liten by i Sør-Sudan. På ein av byens kyrkjegardar held omlag 10.000 menneske til. Dei har fått vatn, men dei bur trongt og har ikkje mat. Dei kom til kyrkja den 28. januar i år, då rebellar angreip landsbyane deira.

Folk har tillit til kyrkja

Mennene som angreip utførte grufulle handlingar mot menneska i landsbyen, og dei stal eigedelar og dyr frå folket. Etter ein dagstur til fots kom barn og eldre, kvinner og menn, fram til kyrkja som tok dei i mot. Kyrkja er ein sentral og nøytral del av samfunnet som alle har tillit til.

Guvernøren i delstaten bur i huset på nabotomta til kyrkja, han er ikkje nøgd med at det er tusenvis av menneske der og vil ha dei vekk. Men kvinnene i leiren har nekta, dei føler seg trygge på kyrkjegarden. Han får heller kome å skyte dei her, seier dei. Biskopen som tok i mot flyktningane vil ikkje jage dei ut, dei får bli og kyrkja deler det dei har att av mat, sjølv om det er lite.

Kunne vore nok mat til alle

Det er ekstrem mangel på mat i Sør-Sudan no. Ifølge FN har over fem millionar menneske behov for tryggleik og mat. Og det er ekstremt tørt i Sør-Sudan no, men regnet vil kome og då kunne jorda ha blitt dyrka – for dette er eit frodig land med tilgang på vatn frå Nilen. Men kanskje så mange som tre millionar av Sør-Sudan sine 13 millionar menneske har flykta sidan starten på borgarkrigen i 2013. Område som kunne gitt mat til alle desse, og endå fleire, ligg att brakk og udyrka.

Denne hungersnauden er menneskeskapt. Sør-Sudans befolkning er jaga på flukt, vekk frå åkrane sine og dyra sine på grunn av angrep frå andre sørsudanesarar. Styresmaktene klarer ikkje å skape fred og gje nødvendig tryggleik til folka. Men folk treng mat no. Om borgarkrigen skulle ta slutt i dag, så vil det likevel ikkje gje folket nødvendig føde i dag – men fred vil kunne sikre at folket neste år kan dyrke og kjøpe mat.

Kyrkja skaper dialog

For å skape fred jobbar kyrkjene i Sør-Sudan med dialog mellom folket. Kyrkjelydar, prestar og biskopar inviterer folk frå ulike områder og bakgrunnar til å ta opp problem som har oppstått, lar folk få sleppe laus sitt sinne og sorg, og gjer det dei kan for at folk kan leve vidare saman.

Biskopen fortalte meg at fredsdialogane dei har gjennomført har redusert konflikten mellom folk, men at dei manglar økonomiske og menneskelege ressursar for å gjennomføre så mange dialogar som naudsynt. Saken er, seier han, at folk kan ha slåst mot kvarandre i sine heimområde, men i møte med ein tredje eller fjerde rebellgruppe kjem dei saman til kyrkja, søker vern og søv side om side. Konflikten sit ikkje djupt hjå folk flest, men vert haldt i live av staten og rebellar i opposisjon.

Borgarkrigen er dødsreell, men sjansane for fred ER til stades. Folket ønskjer det, og kyrkjene er ein viktig tilretteleggjar for det, samt ein aktør for politisk påverknad. Men den sørsudanske leiinga må endre stil, leggje frå seg geriljataktikk og utøve politisk leiarskap som sikrar folket. Norge og det internasjonale samfunnet må leggje press på leiinga i Sør-Sudan, slik at denne menneskeskapte katastrofen ikkje skjer igjen. Også må vi samstundes svare på det humanitære behovet ved å gje umiddelbar hjelp til dei som akkurat no treng det som mest.

Del innlegget

 
Facebook