Kirkens Nødhjelps blogg

Med teater skal menneskehandel stansast

I Dedza, ein by i Malawi som er knutepunkt for menneskehandel, vart eg vitne til eit teaterstykke. Ved bruk av skodespel vil Kirkens Nødhjelp nå ut med ein viktig bodskap.

Malawi er eit lite, sentralt land, langt sør i Afrika, som grenser til fleire større land. Landet er eit av verdas aller fattigaste og ligg under Sør-Sudan på FNs liste over kor utvikla land er. Det har aldri vore krig i Malawi, men dei har hatt fleire tiår med ein eigenrådig diktator som støtta apartheid-regimet i Sør-Afrika, og landet fekk svi for det i mange, mange år etterpå.

I dag går det sakte, men sikkert betre for folket i Malawi. Det er betre tilgang på helsetenester, fleire barn overlever dei første leveåra, fleire går på skule og landet arbeider hardt for å tiltrekke seg fleire investorar enn tidligare, noko som vil gje ein sårt, trengt utvikling i økonomien

Men Malawi har nokre store utfordringar, og ei av dei er landets plassering som eit vegkryss for menneskehandel. Med lovnad om jobb i butikk og eit nytt og betre liv, vert jenter og gutar lokka og stundom tvungne over grensa frå Malawi til nabolanda, og ofte vidare sør til Sør Afrika eller nordover til deler av Europa.

I Dedza har Kirkens Nødhjelp gjennom Rights Advice Center (RAC) eit samarbeid med politiet, skular og lokale organisasjonar som jobbar aktivt for å opplyse folket om at det ikkje er eit betre liv i vente når dei vert lokka eller tvungne bort av menn med vonde planar.

På frigjeringsdagen 6. juli var eg til stades på eit gateteater der ungdomar spela scener og situasjonar som kan oppstå når menneskehandel skjer. Desse scenene kan være situasjonar folk har sett og vore oppi sjølve, utan at dei har tenkt over at dette er «human trafficking». Ting som skjer ofte vert det normale.

Dedza er ein støvete og bråkete tettstad på grensa til Mosambik, ein by som folk flest reiser igjennom, og ikkje slår seg ned. At det er samkvem og handel mellom folk er heilt naturleg. Difor er det ekstra viktig at folk vert klare over signal som kan tyde på at det føregår menneskehandel, og veit at dei kan gå til politiet med informasjonen.

Saman med politiet og rettsvesenet jobbar også Kirkens Nødhjelp med opplæring i den nye «Anti-menneskehandel-lova» som vart innført i 2015 - etter stort forarbeid av kyrkjene i Malawi. Dette lovverket er med på å felle menneskehandlarar som tidlegare har gått fri då det ikkje har vore paragrafar å straffe dei etter.

Kirkens Nødhjelps arbeid med langsiktig påverknad og støtte til lokale organisasjonar gjer det lettare for folk å varsle om menneskehandel slik at barn, unge og vaksne ikkje blir ofre for folk som lokkar med eit nytt liv som ikkje finnest.

Del innlegget

 
Facebook