Kirkens Nødhjelps blogg

Når kjønnsorganet bestemmer

Eit kjønnsorgan er ikkje berre eit kjønnsorgan. Nokre gonger kan kjønnsorganet ditt vere skilnaden på god og dårleg helse, lang og kort utdanning, og ytringsfridom eller ikkje.

Eg var nyleg på reise til eit land eg kjenner godt. Eg er glad i dette landet, og det er alltid fint å komme tilbake dit. Men dette landet utfordrar meg også, og min indre feminist kjem alltid til overflata når eg er i Mali.

Bleieskiftarbeidar?

– Hjelper du til med å skifte bleier?

Eg har ein samtale med Kirkens Nødhjelps sjåfør i Bamako, hovudstaden i Mali. Me har snakka litt om familie og barn, og eg utfordrar han med eit spørsmål eg veit er veldig vestlig.

– Jadå, eg skifter ofte bleier, svarer han og smiler.

Det er typisk nordmenn å stille slike spørsmål, tenkjer han sikkert. Men for meg er det eit forsøk på å indirekte seie kva eg meiner og tenkjer, utan å fortelje han kva som er riktig og galt. For eg kan jo ikkje komme på besøk til eit land i tre veker og fortelje kva folk der skal meine og tenke. Men eg kan utfordre og stille spørsmål.

Når fødsel er livsfarleg

Eg trur sjåføren snakka sant om sin bleie-CV, for han følgde opp spørsmålet med å snakke om kor viktig det er at både mor og far bidreg, og kor viktig det er at kona hans ikkje sit heime, men kjem seg ut for å studere og jobbe. Slike utsegn høyrer ein sjeldan frå ein mann i Mali.

For i Mali er livsløpet ofte bestemt frå den dagen du er fødd. Er du jente skal du vere ein bidragsytar i familien. Du skal passe småsysken, lage middag og vaske klede. Om du er gut skal du vere på åkeren, gjete dyr eller drive handverksarbeid.

Og om du er jente er sjansane veldig store for at du vert omskoren, at du må slutte på skulen når du kjem i puberteten, at du blir gifta bort til ein mykje eldre mann i byrjinga av tenåra, og at du får første barn i 16-17-årsalderen.

Omskjering av jenter fører veldig ofte til store helseproblem, i eit land kor helsetilbodet ofte ikkje eksisterer. I tillegg kompliserer det både samleie og fødsel. Å føde eit barn er noko av det farlegaste ei kvinne i Mali gjer, og att på til gjer dei det gjerne fem, seks, sju, kanskje åtte gonger i livet. Og første barn kjem ofte før dei er 20 år.

Ei endring kan skje

Det er sjeldan eg kjemper ein feministkamp i Noreg. Men i Mali vert eg ei raudstrømpe. Eg vil opponere og vise min motstand. Eg vil stille spørsmål ved dagens praksis, og utfordre folk til å tenkje annleis.

Det handlar om helse. Det handlar om fridom. Og det handlar om menneskeliv.

Og nettopp derfor jobbar Kirkens Nødhjelp med desse tema. Me spreier informasjon om kva følger omskjering kan ha, og me snakkar med politikarar som kan sørge for at vald mot kvinner vert slått hardt ned på. Det finnes krefter som kjemper for likestilling i Mali, og desse kreftene må me styrke. I sentrale strøk i Mali skjer det stadig ei endring til det betre.

Men det går ikkje fort, for folk i Mali er glad i sine gamle tradisjonar, og det er jo mange menn som likar det slik det er i dag. Men ei endring skal skje – sakte, men sikkert.

Del innlegget

 
Facebook