Kirkens Nødhjelps blogg

«Toxic-tour» i Sør-Afrika

Ein kilometer ned i bakken arbeider fleire hundre menn. Nokre gonger i fleire veker i strekk. Dei jaktar gull og risikerer livet for ein mafialiknande industri. Eg har vore på ein giftig tur i Sør-Afrika.

Det vert kalla «Toxic-Tour» - «gift-tur» - turen eg var på i Johannesburg, denne monumentale byen i Sør-Afrika som har sett urett og kjempa for rettferd i så mange år. No er det ikkje kampen mot apartheid som drep, men gruvedrifta. Det er nesten 1000 gruver i Johannesburg, dei fleste er lagde ned, men sender framleis giftstoffer ut i vatn, jord og luft.

Og no, som før, er det den fattigaste delen av folket som bur ved gifta - i Soweto - og vert skada av gruvene. Enten kan barn falle ned i tom, open og 1000 meter djup sjakt, eller så kan drikkevatnet vere forgifta, eller så kan eit konstant lag med farleg gruvestøv leggje seg overalt i heimane til folk.

Veker i strekk under bakken

Sist fredag møtte eg to menn på 26 og 28 år som akkurat hadde kome opp etter åtte dagar nede i den nedlagde og stengte George Harrison-gruva i Johannesburg. Dei sit apatiske framføre eit lite bål og prøver å bli vande med dagslys. Dei har vore åtte dagar i mørkeret for å grave opp ei blanding av sand og leire, som kanskje kan innehalde bittelitt gull. Straks dei kjem opp til overflata står det andre menn som tek over sekken med gjørme og køyrer av garde. Dei to sit att.

Til ein kvar tid er det 600 menn som arbeider i dei stengde gruvene. Unge menn som går ned i mørkeret, bankar og grev Dei kan vere der i tre veker i strekk for å prøve å finne noko dei kan selje for å få livet til å gå rundt. Dette er unge menn som ofte er tvungne ned av mafia-liknande verksemder, som kjøper gruver som dei etablerte selskapa ikkje lengre ser verdien av.

Har brukt pusteutstyr i åtte år

Saman med min kollega Moreblessings frå Kirkens Nødhjelps kontor i Sør-Afrika og David, forskar hjå vår samarbeidsorganisasjon Bench Marks Foundation, vart eg invitert heim til Rose som bur ved roten av ei av dei mange gruve-fjella i Soweto. Rose har vore avhengig av pusteutstyr sidan 2009 da støv frå gruvedrifta har lagt seg tett der ho bur.

Dette støvet er det mogeleg å binde opp ved å plante gras og tre på fjellet. Men gras og tre er berre planta på den sida som ligg synleg frå motorvegen, og ikkje den som vender mot den fattige befolkninga i Soweto. Og vinden bles konstant frå nord mot Soweto.

Gruve-helvete er ein del av Johannesburg eg ikkje kjende til frå før. Bench Marks Foundation jobbar for å få styresmaktene til å ta ansvar for at reglar for gruvedrift vert laga og overhalde, og for å få gruveselskapa til å ta ansvar for å betale si skatt og drive forsvarleg drift.

Og ikkje minst har Bench Marks Foundation fått innpass hjå media der dei ved grundig forsking gjev tv, radio og avisar kunnskap og informasjon, slik at det vert lagd press på staten og gruveselskapa, slik at det kan bli slutt på dette slaveriet. Målet er at folk kan få rein luft, jord og vann - slik vi alle har rett på, samt at selskapa betalar den skatta som folket i gruveområda har rett på å nyte godt av.

Del innlegget

 
Facebook