Kirkens Nødhjelps blogg

Det koker under overflata i ørkenlandet Mali

Om få dagar er det presidentval i Mali. Forrige val skulle bli starten på slutten av konflikten i landet. Det vart den ikkje. No er fredsforhåpningane langt lågare, og konfliktane verre enn på lenge.

Foto: Greg Rødland Buick

Starten på fred?

Om nokre dagar, nærare bestemt 29. juli, er det duka for nytt presidentval i Mali. Det er knytt spenning til om det let seg gjere å gjennomføre val i alle delar av landet, sidan opprørsgrupper og konflikt herjar deler av Nord-Mali – seks år etter at krigen starta. Det har til og med vore snakk om at valet må utsettast fordi det kan vere for vanskeleg å gjennomføre.

Malis hovudstad Bamako vert kalla verdas største landsby. Det er få høghus som troner i den store byen. Avstanden frå hovudstaden og opp til dei konfliktfylte områda i nord er lang. Dette er også ein del av problema i Mali, der folk i nord føler seg neglisjerte og nedprioritert. (Foto: Vegard Tjørhom)
Malis hovudstad Bamako vert kalla verdas største landsby. Det er få høghus som troner i den store byen. Avstanden frå hovudstaden og opp til dei konfliktfylte områda i nord er lang. Dette er også ein del av problema i Mali, der folk i nord føler seg neglisjerte og nedprioritert. Foto: Vegard Tjørhom / Kirkens Nødhjelp.

Så er spørsmålet: Kan dette valet vere starten på fred i Mali? Mykje tyder på at me ikkje kan vere like optimistiske som ved førre val. Både fordi erfaringane dei siste åra er at eit val ikkje løyser dei verkelege problema, og fordi me kan sjå på statistikken at konflikten i Nord-Mali er minst like ille som den var for fem år sidan.

Kampar med etniske dimensjonar

Mali opplever stadig uregelmessige regntider, og lange periodar med tørke. Kombinert med stor folkeauke har dette ført til knapp tilgang på ressursar, og dette har igjen ført til væpna kampar mellom ulike etniske grupper i Mali. Berre det siste året er 300 menneske drepne. (Foto: Greg Rødland Buick)
Mali opplever stadig uregelmessige regntider, og lange periodar med tørke. Kombinert med stor folkeauke har dette ført til knapp tilgang på ressursar, og dette har igjen ført til væpna kampar mellom ulike etniske grupper i Mali. Berre det siste året er 300 menneske drepne. Foto: Greg Rødland Buick / Kirkens Nødhjelp.

Berre det siste året er 300 sivile maliarar drepne, melder Reuters. Det er ikkje lengre berre terror- og opprørsgrupper som krigar med kvarandre, men også grupper med ulik etnisk bakgrunn. Det er gjerne tilgang til vatn og beite for dyra som er årsaka til konfliktane. Små ueinigheiter veks seg store og fører til drap og kamper. Desse kampane mellom ulike folkegrupper har særleg ramma Mopti-regionen sentral i landet, kor terror- og opprørsgruppene har mindre fotfeste enn dei har i nord.

Konfliktløysing på lokalt nivå er noko av det Kirkens Nødhjelp jobbar mest med i Mali, og det bidreg til å stanse potensielle storkonfliktar som kunne ført til endå fleire drap. Diverre er konfliktane for mange i dette området av verda kor ressursane er for knappe, så det er ikkje mogleg å stanse alle konfliktane. Og når etnisitet ofte vert brukt til å forklare dei ulike væpna gruppene sin bakgrunn, så bidreg dette til at etniske motsetnader veks fram i Mali – kor slike motsetnader ikkje har brukt å vere så tydelege.

Dette er noko nytt i Mali, og er på inga måte noko som er enkelt å løyse, verken for den noverande presidenten eller den som vert vald til å vere president dei neste fem åra.

Den lange elva Niger snirklar seg gjennom heile Mali, og vidare inn i nabolandet. Elva er ekstremt viktig for landet fordi den bidreg til fiske, transport og jordbruk. (Foto: Vegard Tjørhom)
Den lange elva Niger snirklar seg gjennom heile Mali, og vidare inn i nabolandet. Elva er ekstremt viktig for landet fordi den bidreg til fiske, transport og jordbruk. Foto: Vegard Tjørhom / Kirkens Nødhjelp.

Presidenten er favoritten

Noverande president Ibrahim Boubacar Keita stiller til val, og det har ikkje skjedd tidlegare at ein sittande president har tapt eit presidentval i Mali. Med andre ord taler statistikken til Keita sin fordel. Det har ikkje vakse fram nokon sterk motstandar til Keita dei siste fem åra. Dei mest kjente kandidatane deltok også førre gong og enda med å tape for Keita den gongen. Men sidan Keita ikkje har klart å stanse konflikten i nord, og heller ikkje har lukkast med å vinne fram hos folket på andre felt, så kan det vere at valresultatet kan vere av det overraskande slaget.

Det er venta låg valoppslutning, slik det alltid brukar å vere i Mali. Gjennomsnittet er på 37 prosent, men ved førre val førte optimismen i landet til at 45 prosent gjekk til valurnene. Så vil me få sjå kor sterkt demokratiet står blant det maliske folk den 29. juli, men at optimismen har harde kår i Mali for tida er heva over ein kvar tvil.

Del innlegget