Kirkens Nødhjelps blogg

Ein morgon i Hebron – den okkuperte byen

Det er tirsdag morgon i oktober. Klokka er sju, sola er allereie oppe, det kjem til å verta nok ein varm og fin haustdag i Hebron, som ligg heilt sør på Vestbreidden. Byen er i ferd med å vakne, grønsakhandlerane er i ferd med å setje opp bodene sine og skuleungar med trøytte andlet sig avgarde på veg til nok ein skuledag.

Militær kontrollpost nr. 56. Kvar einaste dag må borna gå gjennom denne kontrollposten for å koma til barnehagen eller til skulen. Foto: Ledsagerprogrammet.

Ein taxisjåfør ropar til oss og spør om me treng skyss. Ein raudkledd mann, med svart hatt og ei stor kaffikanne festa med ei lærreim over skuldera, sel kaffi til forbipasserande. Alt verkar så normalt og fredeleg som ein by i midtausten kan framstå for oss nordbuerar.

Me nærmar oss den militære kontrollposten med nummeret 56. Akkurat i det me skal entre den massive svingdøra av jern, smett ei lita jente på fire-fem år forbi oss. Med den litt for store rosa ranselen på ryggjen, snur ho seg og smiler til oss, og me seier hei til henne. Deretter går ho rutinert bort til dei to soldatane som står inne i sjekkpunktet med maskingevær og fullt militærutstyr.

Soldatar i full mundur er eit daglegdags syn for borna i Shuhadagata
Soldatar i full mundur er eit daglegdags syn for borna i Shuhadagata. Foto: Ledsagerprogrammet

Ho rekkjer fram hendene sine for å vise at ho ikkje har nokre skarpe gjenstandar med seg, før ho spring gjennom metalldetektoren og vidare ut av porten. Der, i Shuhadagata på andre sida, vert ho møtt av tunge militærkøyretøy som dundrar forbi i den smale gata. Ein flokk soldatar i full mundur og væpna med skarpladde våpen kjem gåande mot henne.

Me kjem ut om lag samstundes med henne og ser at ho spring bortover gata, forbi soldatane, før ho nokre hundre meter lenger framme, på ny møter ein kontrollpost med soldatar. Det er eit såkalla « flying check point», ein mobil kontrollpost, der to soldatar til ei kvar tid står og passar på at ingen palestinerar går lengre enn dit. Resten av gata er forbudt område for dei. Går dei vidare, vert dei skotne. Den vesle jenta svingar til høgre ved kontrollposten og spring opp trappa der barnehagen ho går i ligg.

Dette er kvardagen til alle dei palestinske borna som går i Cordoba barnehage eller barneskule

Hebronavtalen

Skulen og barnehagen ligg i den delen av Hebron som er okkupert av Israel, kalla H2 ( Hebron 2 ). I denne delen av byen bur det ca. 40 000 palestinerar og 600 israelske busetjerar. Det israelske forsvaret har til ei kvar tid over 2000 soldatar i dette området for å ivareta tryggleiken til desse busetjerane, det vil seie om lag 4 soldatar per busetjar. I 1997 vart Hebron delt inn i to sektorar som fylgje av Hebron-avtalen. I fylgje den, skulle 80% av Hebron ( H1 ), som har ca. 180.000 innbyggjerar, styrast av dei palestinske sjølvstyremyndigheitene. Resten av byen, H2 , som hovedsakleg består av gamlebyen, skulle vera under kontroll av det israelske militære.

Nokre gonger kan det vera godt med ein trygg armkrok på veg til barnehagen
Nokre gonger kan det vera godt med ein trygg armkrok på veg til barnehagen. Foto: Ledsagerprogrammet

Denne inndelinga skulle gi tryggleik for innbyggjerane i Hebron etter at den jødiske busetjaren, Baruch Goldstein, drepte 29 muslimar under fredagsbønna i Ibrahim moskeen i 1994. I år 2000, etter den andre intifadaen, sette det israelske militæret inn ytterlegare tryggleikstiltak i H2-området. Det har resultert i at det nå finnes rundt 111 ulike veisperringer og kontrollpunkter i denne bydelen. Ein kan vel seie at palestinerane som bur i dette området opplever alt anna enn tryggleik, slik den opprinnelege intensjonen var. Hebron er på ein måte eit mikrokosmos av okkupasjonen på Vestbreidden. Alt som skjer under ein okkupasjon, skjer her i denne byen – portforbod, busetjarområde, trakassering, raiding, murar, kontrollpostar, stengde område og drap. Seinast for nokre veker sidan vart ein familiefar skoten og drepen av soldatar rett utføre heimen sin.

 

Del innlegget

 
Facebook

Ledsagerprogrammet

Ledsagerprogrammet er et samarbeidsprosjekt mellom Kirkenes Verdensråd, Kirkens Nødhjelp, Mellomkirkelig råd, Norges Kristne Råd og KFUK-KFUM Global.

Alle innlegg av denne forfatteren