Kirkens Nødhjelps blogg

Risikerer livet for valdtekne kvinner

Denis Mukwege sette livet på spel då han valde å gå i krigen for Kongos kvinner. Hans innsats på operasjonssalen og i politikken har gjort han til både helt og fiende.

Denis Mukwege ved Panzi sykehus i Kongo. Foto: Endre Vestvik / Kirkens Nødhjelp.

Historia om Denis Mukwege er heltehistoria om gynekologen som valde bort eit trygt liv som lege, og heller via livet til å kjempe for valdtekne og stigmatiserte kvinner i Aust-Kongo. I dag vert han heidra av ei heil verd, men i heimlandet har han levd med dødstrugslar i over 15 år.

Kampen er ikkje over

Mukwege har fått mange fiendar fordi han i tillegg til å vere gynekolog, også kjempar for å betre rettsvernet til Kongos kvinner. Dette stiller gjerningsmennene, som i dag får gå fri, i fare for å bli straffa. Dette er menn med makt og våpen. Dette er menn som heller vil sjå Mukwege drepen, enn å sjå sine eigne i fengsel.

Men han lever framleis, og for kvar pris han vinn, jo vanskelegare vert han å stanse. No har han endeleg fått verdas mest prestisjetunge pris, men kampen for Kongos kvinner er på langt nær over.

Mukwege er oppvaksen i ein del av verda kor konflikt er synonymt med kvardag. Aust-Kongo har opplevd uro og konflikt i mange tiår. Den belgiske kolonimakta la aldri eit bra grunnlag for demokrati og fred i Kongo, og som sjølvstendig land har Kongo aldri hatt ein president som har klart å drive ein politikk som er til folkets beste. Resultatet har vore årevis med omfattande vald og konflikt i eit av verdas mest ressursrike land.

Denis Mukwege under Kirkens Nødhjelps seminar "Krigens store stillhet". Foto: Håvard Bjelland / Kirkens Nødhjelp.
Denis Mukwege under Kirkens Nødhjelps seminar "Krigens store stillhet". Foto: Håvard Bjelland / Kirkens Nødhjelp.

Valdtekt er skammens våpen

Og kvinnene er ofte dei som er mest utsette. Brutale opprørsgrupper kjemper om tilgang på dyrebare ressursar i Aust-Kongo, og valdtekt er eit enkelt, billig og brutalt våpen. Å skyte med hagle oppi ei kvinne sitt underliv, eller å gjennomføre ei brutal gruppevaldtekt, er to døme på valden som blir utøvd på Kongos kvinner. Målet er å skade utan å drepe. Målet er å bringe skam over fiendens kvinner.

Då eg besøkte Kongo i fjor vår besøkte eg eit av sentera Kirkens Nødhjelp samarbeider med, der kvinner får hjelp etter å ha vore utsette for ulike former av seksuell vald. Ei av kvinnene eg møtte var Marie Gorette, ei kvinne på alder med mi eiga mor, og mamma til sju barn. No hadde mannen kasta ho ut av huset, og borna avviste ho.

Kvifor? Fordi fire menn valdtok ho då ho var innlagd på eit sjukehus. Dei tre mennene overlista vakthaldet ved sjukehuset og storma inn i operasjonssalen. Der fann dei Marie Gorette liggande i senga, med intravenøse kanylar festa til kroppen. Dei nappa ut kanylane, drog Marie Gorette med seg ut av bygget og valdtak ho etter tur.

Fistula og inkontinens

Marie Gorette trudde ho skulle døy, men det gjorde ho ikkje. Også mange andre kvinner overlever dei grove valdtektene – og me kallar dei for overlevande. Ikkje offer, men overlevande.

Skadane er likevel enorme. Både dei synlege og dei usynlege. For Marie Gorette førte valdtekta til fistula og inkontinens – ein skade som fører til urinlekkasje – og store traume. Mannen, som ikkje lengre ville ha samleie med ho, kalla ho for «ein open veg» og kasta ho ut av heimen. Ho har også mista kontakt med mange av borna.

Det er brutalt, men ein del av verkelegheita i Kongo. Skammen ligg tjukt over familiar som opplever slike overgrep, og det er ikkje alltid dei overlevande får hjelpa dei treng frå sine nærmaste.

Nettopp difor er menneske som Denis Mukwege så enormt viktige. Menneske som tør å stå opp mot sosialt stigma og skam. Folk som tør å ta dei svake si side, sjølv om dei risikerer sitt eige liv. Årets Nobels Fredspris går til alle dei kvinnene Denis Mukwege har via livet sitt til.

Del innlegget

 
Facebook