Blogg-liste
Mysteriet jula
Når det er som aller mørkast, lysnar det. Det er det innarste i jula.

Eg minnes ei oppleving frå Den Dominikanske Republikk. Det var på ein studietur med Kirkens Nødhjelp på slutten av 1990-talet. Ein orkan hadde rive kyrkja til pastoren Eusibio Noel. Mannen med det fine franske prestenamnet, som tyder ”jul”. ”Kva gjer de no, spurte me? « Me skal noko klare oss,» var svaret.” Kyrkja har me her inne, sa pastor Noel, og slo seg på hjartesida, og let som han kjende Brorsons si salme frå 1732.
Mitt hjerte alltid vanker i Jesus føderom
Der samles mine tanker som i sin hovedsum
Der er min lengsel hjemme, der har min tro sin skatt
Jeg kan deg aldri glemme
Velsignet julenatt.
(Nos 38)
Ver ikkje redd. Frykt ikkje!
Jula er høve til å stoppe opp for mysteriet. Med Jesus fødsel får Gud eit andlet i verda.
Jesus syner oss kven Gud er. Det Heilage kjem ned på jorda. Det heilage er ikkje berre inne i sjelas mystiske religiøse rom. Det heilage er å finne i det vanlege livet, som ei hand som tørker tårer. I brødet og vinen og ein neve vatn over eit barnehovud. Med Jesus fødsel blandar Det Heilage seg med det alminnelege; det sårbare menneskelege. Gud blei menneske og tok bustad hjå oss. Gud er ikkje lengre fjern. Han vaks opp til ein vaksen kar. Han er her nå. Går saman med oss. Heller ikkje i mørket er eg åleine. Jula kjem med bod om ein Frelsar og englesong;
Ver ikkje redd, frykt ikkje
Når det er som aller mørkast, lysnar det. Det er det innarste i jula.
Så kan eg vera som ein gjetar eller som ein vismann, og nærme meg det Heilage; Det vesle barnet i krubba.
eit barn er født
i ei krybbe
i ein stall
eit barn er født under
den store himmelen
blir vakta av englar
og stjerner
kvart år
blir han født
på ny for oss
også midt i all støyen
alt dette som skjer
lyt me prøve
å sjå han
det vesle barnet
(Ruth Lillegraven i Adventsmeditasjoner frå Diakonhjemmet 2019)
Utan Gud var me verkelege fattige
For mange er jula vanskelege. Av ulike grunner. Her er nok einsemd, fattigdom og naud til alle. For meg er det vanskelegaste med jula min eigen rikdom. Så skulle eg gjerne ha hatt meir av mange fattigfolks uthaldande tru på Gud. På den før nemnde studieturen til Den Dominikanske Republikk møtte me også ein metodistpastor. Me snakka om korleis fattigfolket såg på tilhøvet til Gud når dei framleis var så fattige, om dei rett og slett miste trua på at Han kunne hjelpe deg. Pastoren svara oss heller tørt; ”Utan Gud var me verkeleg fattige.”
Så blei det vesle Jesusbarnet vaksen. Han sa sterke ting om å sette fattigfolk fri, gjere blinde sjåande og rope ut eit nådeår frå Herren , og baud oss realisere Hans program:
Gå ut med trøyst, skap fred, og be
at himlens rettferd følgjer deg.
Da skal det store under skje
der frosten bit, der svolten gneg.
Da ser du han, i natt og vind!
Di hand gir ut det liv han gav!
Hans andlet skin, hans veg blir din
når barnegråten stilnar av.
(Edvard Hoem Nos 729)