Kirkens Nødhjelps blogg

Det er varmt og klamt bak munnbindet

Det kom ein telefon frå Diakonhjemmet i Oslo i slutten av mai. Spørsmålet var om eg kunne tenke meg å jobbe som sjukehusdiakon der i sommar. Koronaen førte til mykje meirarbeid, og dei trong sommarvikar.

Ved Diakonhjemmet går eg mellom mange tenester. Held nokre gudsteneste, er med på syning, blir tilkalla til samtaler og ber ei bøn ved sjukesenga. Slik er det mykje eg kjenner att frå mitt vanlege liv mitt som diakon Vest- Telemark, skriv Eilert Erikstein.

Permisjon vart ordna, og fram til slutten av august er Diakonhjemmet sykehus min arbeidsstad. No har eg arbeidd nokre veker i Preste- og diakontemaet ved sjukehuset på Frøen ved Majorstua. Her er me to diakonar og fire prestar.

Oppgåvene er variert, men den rauden tråden i alt ein gjer er diakoni. På eit sjukehus er det mange spesialiserte oppgåver. Alle kan sitt område; bioingeniørar, kirurgar, kjøkkenpersonell, datafolk, sjukepleiar med stort og mykje ansvar. Medan Preste- og diakontenesta mest er å rekne som generalistar. Me nyttast til litt av kvart. Er ein slags olje i maskineriet, eller gjer det ingen andre gjer. Det kan også vera ei god definisjon av diakoni.

Ved Diakonhjemmet går eg mellom mange tenester. Held nokre gudsteneste, er med på syning, blir tilkalla til samtaler og ber ei bøn ved sjukesenga. Slik er det mykje eg kjenner att frå mitt vanlege liv mitt som diakon Vest- Telemark.

Inni mellom får ein følgje ein pasient ut for å røyke, og får ein prat om å grue seg for kome heim. Problemet let seg løyse seg ikkje løyse i ei røykepause, men kanskje eit telefonnummer i lomma gjev tryggleik før utskrivinga. 

Somme finn Gud i sjukdomstider, for andre blir trua vanskeleg. Men Jesu spørsmål til den blinde tiggaren Bartimeus; Kva vil du at eg skal gjere for deg?, er alltid ein god start. Når ein sjølv definerer kva ein treng hjelp til, kan det vera noko anna enn det ein trur.

Diakonhjemmet i Oslo starta i 1890. Fyrst som sjukehus med utdanning av diakonar. Kampen mot fattigdomen  var drivkrafta då Det Norske Diakonhjemmet vart grunnlagt. Stiftaren Hartvig Halvorsen ville gjenreise  «Urkirkens skjønneste eigenskap: diakonien.» Etter kvart er det også blitt ein stor utdanningsinstitusjon, dei seinare åra under namnet VID. Sjølv er eg takksam for mi utdanningstid som sjukepleiar og diakon ved Diakonhjemmet. Noko av det eg lærte her var å sjå breitt og vidt på samfunnet. Er det røvarar på vegen mellom Jerusalem og Jeriko, må ein ikkje berre forbinde sår for å vera en god samaritan, men sjå om ikkje røvarane treng skulegang og arbeid?

Ein skal ikkje ha vore lenge i fullt smitteutstyr mot Covid-19, som fastvakt hjå ein pasient, før ein får stor respekt for det helsepersonell står oppi.

Det er varmt og klamt bak munnbindet, og tankane mine går til dei som ikkje har same standard på helsevesen som oss. Menneske som lever tett i tett, utan sjans til tenke smittevern. Det fins ei verd der ute som treng solidaritet og støtte. Skal me seinare bremse pandemiar må det vatn til. Folk må få vaske seg. Handvask, seier våre helsestyresmakter. Dette rådet gjeld i heile verda. I Bibelen står om ein som toa sine hender, men det held ikkje.

Vår tid krev konkret handlingar for å gjera verda betre og gjera gapet mellom fattige og rike mindre. Kanskje er det noko av det skremmande med pandemien, at me, og eg blir enno meir oss sjølve nok? Då er det godt å ha sommarjobb på Diakonhjemmet, og oppleve sorg og pleie i alle ledd. Nedslåtte folk får vin og olje i såra, rom i herberge, og hjelp til å koma seg vidare. 

Publisert: onsdag 15. juli 2020