Kirkens Nødhjelp-magasinet

03 2017

To kilometer frå heimen kan døden vente

Aktuelt: Nigeria

To kilometer frå heimen kan døden vente

– Seinast i går kom dei hit og tok dyra våre. Korleis skal me overleve, spør landsbysjef Bulama Modu. Han og dei andre i landsbyen bur tett på Boko Haram, altfor tett på.

Ho er ei ung kvinne, men mor til seks. Åleinemor til seks barn. Falmatah Mustapha mista mannen sin då han vart drepen av Boko Haram. Han var ved åkeren for å dyrke mat, berre nokre kilometer unna heimen.

– Eg og den andre kona til mannen min fekk høyre at det hadde vore eit angrep ved åkeren. Me var sikre på at han var drepen, og ville så gjerne springe til åkeren for å hente liket hans. Men me vart haldne tilbake av nokre soldatar. Dagen etterpå gjekk soldatane ut til åkeren og henta liket hans, fortel Falmatah.

Åkrar ligg brakke

Det har gått nokre månader sidan ho og mannens andre kone vart enker. Mannen hadde til saman 11 barn som dei to kvinnene no må ta hand om åleine. Men til åkeren for å dyrke mat tør dei ikkje, så dei er heilt avhengige av hjelp utanfrå.

Landsbysjef Bulama Modu fortel om ein landsby som er livredde for Boko Haram. Både dagen før og same dag som Kirkens Nødhjelp var på besøk i Ikonda, så var Boko Haram på tjuveriraid i landsbyen. Frykten fører til svolt i Ikonda.
Landsbysjef Bulama Modu fortel om ein landsby som er livredde for Boko Haram. Både dagen før og same dag som Kirkens Nødhjelp var på besøk i Ikonda, så var Boko Haram på tjuveriraid i landsbyen. Frykten fører til svolt i Ikonda.

Slik er det for mange menneske i området rundt Tsjadsjøen, og slik har det vore i fleire år. Difor ligg store jordbruksområde brakke, og matmangelen er enorm. Over sju millionar menneske treng hjelp for å få nok mat, og til saman 11 millionar treng ein eller annan form for humanitær hjelp.

– Me strevar med å få nok mat til familien vår, me flyttar oss frå stad til stad, jobbar og ser etter moglegheiter til å få inntekter slik at me kan brødfø familien vår. Men i det siste har me fått hjelp frå organisasjonar som har hjelpt oss slik at me kan brødfø barna våre, seier Falmatah.

Norske bistandspengar

Kirkens Nødhjelps partnarorganisasjon Christian Aid har lenge hatt arbeid i området, og Kirkens Nødhjelp jobbar no med å styrke dette arbeidet ytterlegare etter å ha fått tildelt norske bistandspengar som skal til området rundt Tsjadsjøen.

Boko Haram har dei siste åra blitt kraftig svekka av den militære offensiven som både Nigeria, Kamerun, Niger og Tsjad har hatt mot gruppa. Men gruppa er framleis aktive og gjennomfører angrep. Frykta som dette fører til terroriserer framleis folket som bur rundt Tsjadsjøen.

– Dei er veldig nært på, og på grunn av det er me veldig redde. Barna, naboane og me sjølve kan ikkje sove når me høyrer om hendingar som skjer rundt oss. Den siste tida har folk blitt hindra frå å gå til åkrane sine fordi dei er redde for å treffe på Boko Haram. Alle som framleis er i live kan ikkje gå til åkrane, men me må halde oss i ro, seier Falmatah.

Fleire tjuveriraid på rekke og rad

Falmatah Mustapha er åleinemor til seks barn. Mannen vart drepen då han var på åkeren for å dyrke mat. No må familien klare seg med hjelp frå hjelpeorganisasjonar og naboar.
Falmatah Mustapha er åleinemor til seks barn. Mannen vart drepen då han var på åkeren for å dyrke mat. No må familien klare seg med hjelp frå hjelpeorganisasjonar og naboar.

Også landsbysjef Bulama Modu fortel om frykta for å gå berre to kilometer frå landsbyen, og alle i landsbyen kjenner nokon som har mista livet på grunn av Boko Haram.

I tillegg gjennomfører Boko Haram stadig fleire tjuveriraid, seinast dagen før Kirkens Nødhjelp besøkte landsbyen.

– Korleis skal me overleve? Me klarer ikkje å overleve, seier landsbysjef Bulama Modu, uvitande om at Boko Haram også skal raide landsbyen berre timar etter at Kirkens Nødhjelp har reist igjen.

– Utan hjelpa hadde me levd i stor naud. No som de er komne med hjelp takkar me Gud, seier Modu.

Tilbake