Kirkens Nødhjelp magasinet

01 2018

Guten som plutseleg måtte bli vaksen

Tema: Fremtidens bistand

Guten som plutseleg måtte bli vaksen

Livet til Jean vart snudd opp-ned då soldatar med skytevåpen kom til landsbyen hans. Foreldra forsvann i kaoset, og plutseleg måtte 14-åringen ta ansvar for å redde sitt eige og brorens liv.

Jean er ein gut som er i ferd med å bli ein ung mann. No sit han trygt i ein plastikkstol i flyktningleiren Kakanda i Nord-Angola, men det er ikkje lenge sidan tenåringen flykta for livet. Jean har opplevd ting 14 år gamle gutar ikkje skal oppleve.

Plutseleg på flukt

– Ein morgon kom krigen til landsbyen min, og me kunne høyre skyting. Mamma og pappa tok hand om mine to minste sysken, og me fire eldste syskena enda opp med å springe i ein annan retning enn mamma og pappa. Plutseleg var me fire sysken åleine og på flukt i to dagar. Eg grein ein del og trudde eg aldri kom til å sjå mamma og pappa igjen, fortel Jean.

I skogen hadde dei nesten ikkje vatn eller mat. For Jean var dette ei ny og vond oppleving. Han hadde alltid budd trygt med foreldra sine, med god tilgang på vatn og mat. Men Jean måtte ta ansvar for veslebror, medan storesystera tok hand om veslesyster. Så det var lite tid til å sørgje for mykje.

– Du er nøydt til å halde motet oppe. Uansett kor tørst du er, må du alltid tenke at du snart finn vatn. Eg sa til veslebroren min at han måtte halde seg roleg, slik at behovet for vatn vart minst mogleg. Når du møter eit hinder, må du berre komme deg over det, seier Jean.

Fakta om krisa i Kasai

  • Rundt 1,4 millionar kongolesarar har flykta frå kamper i Kasai-regionen. Fleire har flykta over grensa til Angola. Minst 3300 er drepne, opplyser den katolske kyrkja. Det er mistanke om store mørketal.
  • Kirkens Nødhjelp har starta opp arbeid i flyktningleire i Angola. Kampane står mellom ein opposisjonell milits og regjeringssoldatar. I Kasai-regionen er det stor misnøye med regjeringa i Kongo, og eit presidentval som har blitt utsett fleire gonger, har forverra situasjonen.
  • Konflikten starta då ein lokal militsleiar ikkje vart anerkjent som lokal leiar av styresmaktene i Kinshasa. Militsleiaren vart seinare drepen, og konflikten eskalerte. Militsen gjekk til angrep på alt som symboliserte sentralmakta i Kinshasa, inkludert offentleg tilsette.
  • Konflikten har ein etnisk dimensjon. Tchokwe- og pende-folket kjemper mot luba- og lulua-folket. Regjeringa er skulda for å støtte dei førstnemnte, mens medlemmane i opprørsmilitsen høyrer stort sett til dei sistnemnte etnisitetane.

Overraskinga

Og etter to dagar til fots gjennom skogen kom dei seg over hinderet. Syskena kom fram til Angola og etter kvart enda opp i flyktningleiren Kakanda, der Kirkens Nødhjelp sørgjer for at flyktningane har reint vatn, trygge toalett og søppeltømming.

Jean hadde fått vatn igjen, men han mangla framleis foreldra sine. Men så ein dag, plutseleg, stod dei der framfor han.

– Eg vart så glad, og hoppa opp på pappa og gav han ein lang klem. Eg trudde eg aldri kom til å sjå dei att, men mamma og pappa hadde høyrt eit rykte om at eg og syskena mine var i ein flyktningleir her i Angola. Så dei kom hit for å leite etter oss, smiler Jean.

Tilbake