Kirkens Nødhjelp magasinet

01 2018

Tragedier i kvart telt

Aktuelt: Bangladesh

Tragedier i kvart telt

OTOPALONG, BANGLADESH: I verdas største flyktningleir rommar kvart einaste telt historier om grufulle overgrep mot rohingyaene frå Myanmar.

Sawkat Ullah Begum (40) og sonen tar imot utanfor sin nye heim, bygd av bambusrør og presenningar. Etter 12 dagar på flukt, kom dei og resten av familien til megaleiren Kotopalong, rett over grensa frå Myanmar.

Den høgreiste mannen inviterer inn i teltet, som rommar tre familiar og tragediene deira. Sawkat fortel først om kva som skjedde i landsbyen hans i Myanmar, i slutten av august:

– Ein morgon kom fleire helikopter i lav høgde over hustaka og starta å skyte på oss. Det krydde etter kvart av soldatar på bakken. Kona til min yngste bror var høggravid og greidde ikkje å flykte. Ho blei tatt til fange og skoten i hovudet. Så skar soldatane opp magen hennar med kniv.

Sidan broren hans døydde av sjukdom like før angrepa på rohingyaene starta, har Sawkat og kona no ansvaret for to foreldrelause barn under tre år, i tillegg til sine eigne to små.

Dilder Begum (30) med Azizur Rahaman. Foto: Håkon Haugsbø / Kirkens Nødhjelp.
Dilder Begum (30) med Azizur Rahaman. Foto: Håkon Haugsbø / Kirkens Nødhjelp.

Kona Dilder Begum (30) har Azizur Rahaman på armen. Toåringen har hovna opp i ansiktet etter eit insektsstikk han fekk då familien gøymde seg i bushen, medan væpna menn gjekk frå hus til hus inne i landbyen:

– Soldatane stilte opp mennene på rekke i gata, og skaut dei i tur og orden. Dei unge kvinnene blei tatt med ut i skogen og voldtatt, fortel Dilder Begum.

– Eg har sett gamle menneske og små barn bli sperra inne og brende levande i husa sine. Eg har ikkje ord for kva som har skjedd.

20 år gamle Naru er søster til Sawkat og mor til vesle Avisha Khatun, eitt og eit halvt år gamal. Ho uroar seg over sin eldste bror på 55, som blei arrestert av Myanmars militære rett før han skulle krysse grensa over til Bangladesh.

– Verdssamfunnet kan ikke ha forstått hva som foregår i Myanmar, kva overgrep vi rohingyaer blir utsatt for. Dette er et systematisk folkemord.

Naru fortel om onkelen sin, som var ute på markene og pløyde jorda, då soldatane kom:

– Han ble først kvelt med tauet han hadde bunde ei av kuene i. Så skjaut soldatene han i hovudet, før dei til slutt kuttet over strupen hans. Han ble drepen tre gonger. Det er helt meiningsløst.

Tilbake