Kirkens Nødhjelp magasinet
Barn er opptekne av urettferd både i det nære og i den store verda. Thea og Jacob viser korleis barn kan vere med på å gjere verda meir rettferdig.
Alle barn som har lyst til å gjere verda meir rettferdig kan vere superheltar i fastetida. Vi har laga eit superhelt-hefte der vi møter to superheltar som kan flytte seg i tid og rom. I heftet viser Thea og Jacob korleis barn kan vere med å gjere ein superviktig jobb i vekene fram til påske.
Kvar veke i fastetida blir knytt til ein av dei sju fargane i regnbogen, og for kvar veke kan de lese ei kort forteljing om Thea og Jacob og finne forslag til aktivitetar. Fleire gongar blir barna oppfordra til å putte pengar på den lilla fastebøssa. Denne bøssa har lange tradisjonar i Kirkens Nødhjelp, og du kan få den i din lokale kyrkjelyd.
Thea og Jacob hamnar plutseleg på ei magisk reise langt, langt borte, og dei er veldig ivrige på å fortelje kvar dei har vore.
– Vi var i eit land der det var veldig varmt og tørt, seier Thea.
– Der var det mange som hadde mista alle dyra sine på grunn av tørka. Difor måtte dei flykte, seier Jacob.
– No treng dei heldigvis ikkje gå så langt for å hente vatn, skyt Thea inn.
Fordi dei har fått hjelp av Kirkens Nødhjelp til å lage ein brønn med reint vatn.
Her er det mange andre barn som er på same alder som Thea og Jacob.
– Først trefte vi nokre gutar som spelte fotball, seier Jacob.
– Og eg var med ei jente som skulle hente vatn. Og så vart eg med heim til henne, legg Thea til.
– Der budde Jama, ein av fotballgutane også, seier Jacob.
Han fortel at alle budde i små hytter som var laga av bølgjeblekk og tøybitar.
– Men det var veldig ryddig der, seier Thea raskt.
– Då dei skulle ete, vart vi også invitert. Sjølv om dei ikkje hadde mykje, delte de det de hadde, seier Jacob vidare.
– Vi såg korleis Jama hadde det på skulen også, seier Thea.
– Ja, der var det mange barn, mange fleire enn i vår klasse, seier Jacob og legg til at på skulen har han lært om dei farlege klimaendringane. Dei som bur i tørre område slik som Jama, er dei som merker klimaendringane hardast.
– Det er ikkje rettferdig, seier Thea.
Dei har nokre idear om kva vi kan gjere for at det ikkje lenger skal vere så urettferdig.
– Vi må vere med å gjere noko slik at det blir mindre av dei farlege klimagassane, seier Jacob.
– Ja, vi kan gå eller sykle til trening eller køyre fleire saman, seier Thea.
Og etter at dei såg korleis livet til Jama og dei er, har dei fått lyst til å gjere noko for å hjelpe dei.
– Jama og dei andre hadde nok vatn, seier Thea.
– Ja, men det er mange andre som ikkje er så heldige, kjem det fra Jacob. – Difor skal vi vere med på fasteaksjonen til Kirkens Nødhjelp.
– Vi skal samle inn pengar slik at fleire kan få reint vatn, seier Thea.
– Det gjer jo alle Superheltar, seier Jacob.
Tilbake