Kirkens Nødhjelp magasinet

02 2017

Plantar tre for neste generasjon

Tema: Fasteaksjonen

Plantar tre for neste generasjon

Elevane tenker også på framtida, for dei siste åra har denne delen av Tanzania merka at det har blitt vanskelegare å drive jordbruk, og at jordsmonnet ikkje alltid er like fruktbart som tidlegare. Mange meiner dette heng saman med at det ikkje har vore nokon kontroll på trehogsten, og no er det knapt nokon tre å sjå i området.

Difor har Joyce og alle dei andre borna på skulen lært om korleis trea trekk til seg vatn og bidreg til å lagre vatnet i bakken. På den måten vert jordsmonnet betre for jordbruk, og i tørketida vil det framleis vere nok vatn i brønnen.
– Tanzania om 15 år trur eg er annleis enn i dag. Eg trur det kjem til å vere mindre vatn, seier Joyce.

Kanskje får ho rett, men skuleborna i Ikonda veit i alle fall at ei av løysingane er å ta spaden fatt og plante trea ned i bakken. Og nettopp det har dei gjort rundt omkring på skuleplassen. Der står det fleire små pinnar, som om ti til femten år kanskje kjem til å kaste skugge over Ikondas neste generasjon skulelevar.

Tilbake