Kirkens Nødhjelp magasinet

02 2017

Undervisning som kan redde liv

Tema: Fasteaksjonen

Undervisning som kan redde liv

På skulen i Ikonda får borna i landsbyen lærdom som kan vere livsviktig. Å lære å skrive, lese og rekne gjev livet innhald. Men å lære om handvask, reint vatn og treplanting kan redde liv.

Det er kø utanfor skuletoalettet i Ikonda. Det er friminutt, og dei mange hundre elevane deler på nokre få toalett. Før måtte dei gå på do i nokre hol i bakken, men no har dei ordentleg utedo i betong. Og utanfor heng det gule kanner på kvar si side av toalettbygningen. Tre kanner til gutane og tre til jentene.

– Det er viktig å vaske hendene for å unngå å bli sjuke. Det har me lært på skulen, og no vaskar eg hendene både her og heime. Eg har også lært småsystrene mine å gjere det same, seier 13 år gamle Joyce, som tråkker på ein pinne slik at dei gule tønnene tipper litt og vatn renner ut på hendene hennar.

Handvask er livsviktig

Det er harde realitetar på landsbygda i Tanzania, der alvorleg sjukdom i verste fall kan ende i dødsfall. Difor er handvask viktigare å lære enn ein skulle tru, og det er ikkje berre handvask Joyce og dei andre elevane har lært om på skulen.

For gjennom eit samarbeid mellom skulen og Kirkens Nødhjelps søster-organisasjon i Tanzania har elevane lært enkle grep som kan sørge for at dei held seg friskare. I tillegg til å vaske hender lærer elevane kor viktig det er å drikke vatnet frå landsbyens nye brønn – sjølv om det kostar nokre øre å få bruke brønnen. Og dei lærer om kor lurt det er å koke vatnet når ein er usikker på om det er reint nok.

– Eg har hatt diaré på grunn av skittent drikkevatn. Det har vore vanleg her i landsbyen før me fekk den nye brønnen i fjor. No er eg frisk, og eg håper eg vil halde meg frisk lenge, seier Joyce.

Tilbake