Kirkens Nødhjelp magasinet

02 2018

Fra bøssa til brønnen

Tema: Kirkens Nødhjelps Fasteaksjon

Fra bøssa til brønnen

Kva skjer eigentleg etter at du og eg har gitt penger til Kirkens Nødhjelp, eller har gått med bøsse for Fasteaksjonen? Me har sett litt nærare på nokre av ledda som pengane går gjennom før dei blir til reint vatn.


Bøsseberarar - Sender foreldrene ut

Frå folk over heile Noreg kjem det inn pengar til Kirkens Nødhjelps hovudkontor i Oslo. Her vert pengane fordelt etter behov. Nokre av Kirkens Nødhjelps prosjekt er langvarige bistandsprosjekt, mens andre prosjekt oppstår brått på grunn av ei krise eller ein krig. Det er i desse krisene det trengs naudhjelp, og då er støtta frå Fasteaksjonen heilt avgjerande for eit godt resultat. Desse pengane kan Kirkens Nødhjelp nemleg bruke fritt til dei krisene som hastar mest.


Hjelpearbeidaren Torleiv

Nokre av menneska som i fjor fekk nyte godt av pengane frå Fasteaksjonen, har flykta frå krigen i Kasai i Kongo. På dei neste sidene vil du møte fleire av desse.


Flyktningen som hjelper flyktningar

Den fem år gamle storebroren Djedo hentar vatn frå vasstanken i flyktningleiren, og dei to fjortenåringane Vanessa og Kany treng reint vatn for å kunne gjere sine arbeidsoppgåver i heimen. Begge to har draumar for framtida, slik 14-åringar skal ha. Og Innocent er sjølv flyktning, men først og fremst ein hjelpearbeidar for Kirkens Nødhjelp. Det er også Torleiv, som tok tre månader fri frå jobben og reiste til Angola – der dei kongolesiske flyktningane har enda opp.


Superhelten i flyktningleiren

 

Også er det bøsseberarane, som år etter år tek beina fatt fordi dei trur på at det nytter å hjelpe. Saman hjelper me mange.


Tungt ansvar på unge skuldrer

Tilbake