Kirkens Nødhjelp magasinet

02 2018

Tok fri frå «oljå» for å hjelpe flyktningar

Tema: Kirkens Nødhjelps Fasteaksjon

Tok fri frå «oljå» for å hjelpe flyktningar

Han har mange av dei same arbeidsoppgåvene som før, men for Torleiv Tislevoll fekk jobben meir meining då han i fjor tok fri frå jobben og reiste til Angola.

Det er i ferd med å bli mørkt, og regnet øser ned over flyktningleiren Kakanda, heilt nord i Angola. Torleiv Tislevoll er på jobb og ser ei lita jente stå åleine og grine. Han får vite at ho ikkje finn mora si, og tek saka bokstaveleg talt i sine eigne hender. Alle som har vore barn, har kjent på kjensla av å ikkje finne mamma, og i ein regnfylt og stadig mørkare flyktningleir kan slikt vere ekstra skremmande.

Mykje olje, ingen bensin

Torleiv sin jobb er vanlegvis ikkje å passe barn. Men han er i Angola for å hjelpe flyktningar, og no var det altså fire år gamle Regine Nkama som trengte hjelpa hans.

– Det er mykje meir meiningsfullt å jobbe her i Angola enn i Norge, sjølv om eg gjer mykje av dei same arbeidsoppgåvene, slik som innkjøp, logistikk og arbeid med kontraktar, seier Torleiv.

Vanlegvis jobbar han med logistikk i den norske olje- og gassbransjen. No har han teke tre månader fri frå jobben for å jobbe for Kirkens Nødhjelps beredskapsgruppe i eit anna oljerikt land.

– Det er spesielt å jobbe i eit samfunn som ikkje fungerer. Angola har dobbelt så mykje oljereserver som Norge, men det er likevel knapt mogleg å få tak i bensin, utanom på svartbørsen. Offentlege kontorar fungerer ikkje, og sjukehus står tomme, utan både tilsette, utstyr og medisin. Det er vanskeleg å gjere ein god jobb i eit slikt samfunn, seier Torleiv.

– Kvar krone kjem fram

Likevel opplever han at alle pengane kjem fram, i motsetnad til i enkelte bistandsprosjekter han har jobba i tidlegare.

– I naudhjelp vert det tydeleg at kvar einaste krone kjem fram, og me ser også at pengane vart brukt bra. Det er veldig meiningsfullt.

Akkurat denne dagen er oppgåva til Torleiv å kjøpe inn trillebårer, slik at søppelet i leiren kan fjernast. Dei siste vekene har det hopa seg opp med søppel fordi ingen renovasjonsfirma har vore villige til å ta på seg jobben med å ta hand om søpla. Men no er kontrakten endeleg på plass, og trillebårene skal kjøpast inn.

Og slik går arbeidsdagane til Torleiv, med ei lang liste gjeremål som alle har som mål å gjere tilhøva betre for dei som er på flukt.

Røffe forhold

Forholda i flyktningleiren er harde, med menneske som alle har ei flukthistorie i bagasjen, og mange har opplevd død nært på kroppen.

– Det skjer røffe ting her heile tida. Ein dag vart ei kvinne angripe av ein krokodille og eten opp då ho skulle vaske klede ved elva. Det er sjølvsagt røft, men eg har evna til å legge slikt til side. Me snakkar om det der og då, men så klarer me å gå vidare. Det er ein eigenskap ein må ha om ein skal jobbe i prosjekt som dette.

Torleiv er i Kirkens Nødhjelps beredskapsgruppe og kan dermed få spørsmål om å reise ut til ulike prosjekt over heile verda.

– Eg føler meg privilegert og stolt som får vere med i ei slik gruppe, og eg ser fram til å komme meg ut i verda igjen.

No har Torleiv reist heim att og er tilbake i sving i gamlejobben. Men flyktningane han møtte i Angola, er framleis på flukt frå krisa i Kasai-regionen i Kongo, og dei dreg framleis nytte av innsatsen som Torleiv og hans kollegaer har lagt ned.

Tilbake

Støtt vårt arbeid

Din støtte går der behovet er størst

Du kan gi uten å fylle ut opplysninger om deg selv, men legg gjerne inn e-postadresse og telefonnummer om vi kan få lov å kontakte deg av og til, for eksempel de gangene vi trenger akutt hjelp.

Fast månedlig betaling med:

eller
Gaven din kan gi 0 kr er nok til å gi 1 person personer varig tilgang til rent vann hver måned