Kirkens Nødhjelp magasinet

02 2019

Staden der livet startar på nytt

Staden der livet startar på nytt

Ei skapdør vert pussa, ein bilmotor blir skrudd på, middagen koker, og hår vert greidd. På yrkesskulen ETN i Goma i Aust-Kongo startar unge liv på nytt etter ein brutal start.

Ungdommane som fyller opp tomta i utkanten av byen Goma, ber på historier som vil følgje dei heile livet. Historier frå livet som barnesoldat, der du kanskje måtte stele, slost og drepe for å overleve. Eller historier om eit giftemål som skjedde tidleg i tenåra mot din eigen vilje, med påfølgande samleie og kanskje eit barn.

Gravid og kasta ut heimanfrå

Alle ungdommane har til felles at dei har mange vonde minner dei må jobbe med, men også at dei er i ferd med å ta eit steg bort frå fortida og inn i ei ny framtid. For ved ETN-senteret lærer dei eit yrke, slik at dei kan få seg eit yrke.

– Eg likar å lære meir om matlaging, for eg kunne nesten ingenting om det frå før, fortel Alliance Bariwunirwa, som ser ut som ein heilt normal 16-åring, men som faktisk er gravid.

Faren til barnet forsvann då ho vart gravid, og Alliance veit ikkje kor han vart av. Og faren hennar jaga ho heimanfrå då han forstod at ho var med barn. Ei heimlaus Alliance søkte tilflukt hos systera som fekk ho inn på ETN-senteret, slik at ho kan få oppfølging og ei utdanning før barnet kjem.

– I framtida ønsker eg å tene pengar, slik at eg kan ta vare på meg sjølv og barnet mitt. Eg håper å kunne lever av å lage mat, seier Alliance, som også håper faren hennar vil opne opp heimen for ho igjen når han berre får tenkt seg om.

Bygger fødestove og toalett

Alliance er ei av over hundre ungdommar som får hjelp ved ETN. Senteret såg dagens lys i 2002 då Kirkens Nødhjelp vart den første organisasjonen til å støtte initiativet. No har senteret vakse seg større og kan hjelpe fleire ungdom. I tillegg til yrkesfagleg utdanning får ungdommane også psykososial støtte til å snakke ut om det dei har opplevd.

– Me får mange søknader frå fjern og nær, og me tek inn dei ungdommane som elles ikkje har sjansar for å klare seg. Det kan vere gateborn, born med nedsette funksjonsevner, valdeleg ungdom eller ungdom som står heilt på eigne bein. Me sjekkar tilstanden deira ved starten og slutten av året dei har her, fortel pastor Matata Manase, som er grunnleggjar og dagleg leiar ved senteret.

Ungdommane på senteret lager mellom anna toalett og fødestove som vert til bruk av flyktningar i nærområdet. Ved å hjelpe seg sjølv hjelper altså ungdommane også andre.

Tilbake

Gi en gave

Din støtte går der behovet er størst

Du kan gi uten å fylle ut opplysninger om deg selv, men legg gjerne inn e-postadresse og telefonnummer om vi kan få lov å kontakte deg av og til, for eksempel de gangene vi trenger akutt hjelp.

Fast månedlig betaling med:

eller
Gaven din kan gi 0 kr er nok til å gi 1 person personer varig tilgang til rent vann hver måned
Akkurat nå er behovene for nødhjelp akutte i