Kirkens Nødhjelp magasinet

03 2019

Kva er då eit menneske?

Kva er då eit menneske?

Andakt

To kvinner eg møtte i Soweto i Sør-Afrika, hadde fått symaskiner ved hjelp av midlar frå Kirkens Nødhjelp. Symaskinene hadde dei brukt til å sy kle som dei selde. Eg spurde kva det hadde hatt å seia for dei. Då smilte dei så breidt som berre eit smil kan bli, og sa: «No kan vi kjøpa såpe og kjenna oss vakre!»

Smilet og svaret fortalde om verdigheit. Dei kjende seg sette og verdsette. Nokon som dei aldri hadde sett, hadde sett dei på ein måte som nådde fram, og som virka.

Menneskeverdet er truga frå mange kantar. Temaet for dette magasinet er menneskehandel. Sjølve ordet er ei sjølvmotseiing, for menneske kan ikkje vera ei handelsvare. Likevel er det det. Lova set forbod mot det, samfunnet tek avstand frå det, og dei aller fleste av oss ser på det som umogleg.

Når menneske blir ting, ei handelsvare, har det gjerne starta ein heilt annan stad. I ytringsfridomens namn kan det byrja med tilsynelatande ufarlege kommentarar om personar eller grupper av menneske, det får støtte frå andre, og utan å sjå det er menneskeverdet blitt borte på vegen. Då er vegen open for å bruka – og misbruka – menneske.

Salme 8 gjer ikkje unntak. Her er målestokken:

«Når eg ser din himmel, eit verk av dine fingrar,
månen og stjernene som du har sett der,
kva er då eit menneske – at du hugsar på det,
eit menneskebarn – at du tek deg av det?
Du sette han lite lågare enn Gud
og krona han med herlegdom og ære»
Tilbake