Kirkens Nødhjelp-magasinet

04 2016

Bistand for dummies

Tema: Partnerbasert bistand

Bistand for dummies

Kall meg gjerne dum, men for meg var «partnarbasert bistand» innhaldslause ord då eg nyleg starta å jobbe i bistandsbransjen. Eg skjønner jo kva orda betyr, reint bokstaveleg, men kva det faktisk betyr i praksis var meir uklart. For å finne nokre svar tok eg meg ein tur rundt på huset og snakka med mine kollegaer her i Kirkens Nødhjelp.

–Mitt første spørsmål var enkelt, men vanskeleg å få svar på: Kva er eigentleg ein partnar?

– Eit vanskeleg spørsmål fordi det ikkje finnes eit konkret svar. Kirkens Nødhjelp har mange partnarar, og ingen av dei er heilt like. Men ofte er det snakk om ein organisasjon som høyrer heime i det landet og den kulturen kor Kirkens Nødhjelp jobbar. Dei kjenner dei lokale tilhøva godt, dei kan språket, og dei har dei rette kontaktane.

På min rundtur i Kirkens Nødhjelps lokaler i Oslo blir Afghanistan heva fram som eit døme. Der er det lokale organisasjonar som får økonomisk støtte og administrativ hjelp frå Kirkens Nødhjelp. Tilbake får me lokalkunnskap, og så bidreg me til å bygge eit sterkare sivilsamfunn i Afghanistan ved å støtte det rammeverket som allereie finnest. Kall det gjerne ein vinn-vinn-situasjon.

Andre gonger samarbeider me med andre organisasjonar som tilhøyrer det internasjonale nettverket for kyrkjebaserte bistandsorganisasjonar, ACT Alliance.

Altså, ein partnar kan både vere stor og liten, og dei kan drive med mykje anna arbeid enn det som Kirkens Nødhjelp jobbar med. Med andre ord finnes det ikkje ei fast oppskrift på korleis ein best samarbeider med ein partnar, og det å forholde seg til mange ulike typar samarbeid bidreg gjerne til meirarbeid. Likevel viser mange, mange år med erfaring at dette er den beste måten å drive bistand på for Kirkens Nødhjelp.

– OK. Kirkens Nødhjelp støtter andre organisasjonar med pengar, slik at dei kan utøve bistand. Men kva er det eigentleg Kirkens Nødhjelp driv på med då? Berre administrasjon, og ikkje bistand?

– For det første er det ikkje slik at Kirkens Nødhjelp ikkje er direkte involvert i det som skjer på bakken. Me har tilsette i mange land, og folk som jobbar tett på det daglege bistandsarbeidet. Men erfaringa vår viser at me kan få gjort langt meir bistand ved å samarbeide enn ved å kjøre sololøp.

Og når det allereie eksisterer gode organisasjonar og rammeverk i landa me jobbar, så må me støtte dette – ikkje undergrave det. Det langsiktige målet er jo å bidra til å byggje eit godt sivilsamfunn i landa me jobbar, og då må me også støtte dei lokale organisasjonane med pengar og kompetansebygging.

– Men blant dei mange partnarane så finnes det vel også små, ineffektive organisasjonar?

Joda, min lille research viser at det ikkje alltid fungerer optimalt. Men den gode nyheita er at desse små organisasjonane kan lære av Kirkens Nødhjelp, samstundes som dei ofte bidreg med unik erfaring og kunnskap, og ikkje minst tilgang til område kor me elles ikkje kunne ha jobba. Eit døme er Syria, der vår partnar GOPA har vakse seg sterkare gjennom samarbeidet dei har med oss. Ved å jobbe saman med GOPA når me nokre av dei svakaste og mest utsatte menneska i heile verda.

– Kva med økonomien? Korleis sørge for at alle partnarane har reint mjøl i posen?

Eg tok turen til finansavdelinga for å finne svar. Der fann eg ut at alle nye partnarar må gjennom ei grundig vurdering, og eit detaljert skjema blir fylt ut for å sjå om dei tilfredstiller alle krav. Om det viser seg at organisasjonen manglar økonomisk kompetanse, så kan Kirkens Nødhjelp sine lokalt tilsette bidra, men som oftast har organisasjonane kontroll på økonomien sjølve. Tilskotet dei får frå Kirkens Nødhjelp får dei litt etter litt, og ikkje alt på ei gong. Og med jamne mellomrom må dei rapportere om framdrifta i prosjektet, og dei kan også få besøk frå våre tilsette som gjerne ønskjer å vere sikre på at alt går riktig for seg.

Skulle det kome opp ein mistanke om korrupsjon, så blir våre lokalt tilsette sendt ut for å dobbeltsjekke. Då kan ein også spørje lokalbefolkninga om dei har fått sjå dei resultata som partnarane våre har lova, og i nokre tilfelle kan også tilsette ved Oslo-kontoret reise ned for å gjennomgå undersøkingar.

– Men kva med dei organisasjonane som ikkje har same verdisyn som Kirkens Nødhjelp? Homofili, abort, kristendom og islam er gjerne tema som kan vere vanskelege.

På internasjonal avdeling får eg til svar at det som alltid står i sentrum for Kirkens Nødhjelp er å hjelpe folk. Det betyr ikkje at me er heilt likegyldige til kva partnarane våre står for og meiner, men om me alltid skal vere einige om alt, så er det ikkje så mange att å samarbeide med. Kirkens Nødhjelp er difor opptekne av å utfordre våre partnarar og føre ein god og respektfull dialog med våre samarbeidspartnarar.

Så kva vert konklusjonen av den høgst uhøgtidelege undersøkinga?

Jo, mine kollegaer innrømmer at det finnes utfordringar ved å drive partnarbasert bistand, men fordelane er uansett så store at dei veg opp for ulempene.

I tillegg vil det på lang sikt løne seg at me bidreg til å bygge gode og robuste organisasjonar i landa der me jobbar. For målet til Kirkens Nødhjelp må jo alltid vere at det ein dag, ein vakker dag i framtida, ikkje vil vere bruk for oss lengre.

Tilbake