Kirkens Nødhjelp magasinet

04 2018

Ein bror og barndom mindre  - men med håp for framtida

Aktuelt: Aust-Kongo

Ein bror og barndom mindre - men med håp for framtida

Då Bwira var åtte år, vart broren drepen av ein milits. Han bestemte seg for å ta hemn og vart med i ein annan milits. Etter fleire år som barnesoldat har Bwira bytta ut våpen med skiftenøkkel.

–Jobben min var å leite etter mat og frakte det til sjefen, fortel 16 år gamle Bwira frå Aust-Kongo.

Vart banka opp

Det er tydeleg at det er vanskeleg for Bwira å fortelje om dei fira åra han var ein del av militsen APCLS – som står for «Alliansen av patriotar for eit fritt og suverent Kongo». Namnet høyrest fint ut, men militsen står bak mange brot på menneskerettane, mellom anna å utnytte arbeidskrafta til barn som Bwira.

– Gruppa skulle ta vare på folket, og me skulle først frigjere landsbyane rundt oss og deretter landet, fortel Bwira om gruppa sin visjon.

I dag er APCLC historie etter å ha blitt slått kraftig tilbake av den kongolesiske hæren i 2014, men for Bwira er ikkje spora borte.

– Me sov ute, og ofte regna det mykje. Det var kaldt, og me hadde heller ikkje mat. Me vart banka opp av leiarane, fortel Bwira, som var fire år ute i jungelen før han klarte å flykte.

Flykta for livet

Saman med tre andre bestemte han seg for å flykte.

– Eg og ein annan hadde nettopp blitt tatt for å stele frå ein landsby, og det er eit brot på reglane. Så leiarane bestemte seg for å straffe oss ved å sende oss ut i kamp. Me flykta til næraste landsby, der me fekk hjelp frå ein familie. Militsen leita etter oss og var villige til å om dei fann oss. Etter kvart vart me oppdaga, og me flykta vidare midt på natta og løp gjennom jungelen, fortel Bwira.

Den lange historia enda med at han fekk hjelp frå nokon han møtte, som etter kvart fekk han inn på ungdomssenteret ETN i Goma, som er ein samarbeidspartnar med Kirkens Nødhjelp. Der har Bwira starta å lære eit yrke, nemleg bilmekanikar.

Utdanning og praksis

Ungdommane på senteret er hovudsakleg mellom 14 og 18 år, og alle har anten opplevd å vere barnesoldatar eller ofre for seksuell vald. Nokre har også små funksjonshemmingar. Mange slit med trauma og får hjelp til å takle desse, i tillegg til at dei får nok tid til å takle det dei slit med.

– Utdanninga tek rundt eit år, også er det tre månader med praksis etterpå. Fleire av ungdommane dannar små selskap og jobbar saman etter at dei har vore her, fortel pastor Matata Manase, som leiar senteret som først såg dagens lys då Kirkens Nødhjelp vart deira første partnar tilbake i 2002.

Vil forsørge seg sjølv

Bwira seier at livet er «heilt OK» no. Han klarte aldri å hemne drapet på broren, og når samtalen dreier inn på den sju år eldre broren som vart drepen for åtte år sidan, vert blikket til Bwira trist. Han har heller ikkje kontakt med resten av familien sin.

– Eg ønskjer å kunne forsørge meg sjølv, men eg veit ikkje heilt korleis eg skal klare det. Eg ønskjer å jobbe med bilmekanikk, slik at eg klarer å kjøpe meg sko og klede, seier Bwira, som altså ønskjer å legge fortida bak seg, og ta med seg lærdommen frå ETN med seg ut i livet.

Tilbake