Kirkens Nødhjelp magasinet

05 2018

Reservesupermamma for 40 born

Reservesupermamma for 40 born

Mami Dani har sjølv tre born og er på flukt. I flyktning-
leiren i Angola har ho teke på seg ansvaret for over 40 andre born. Dei passar ho på døgnet rundt, sju dagar i veka.

Skru tida eit år tilbake, og reis til Angolas grense til Kongo. Der jobbar Kirkens Nødhjelp blant kongolesiske flyktningar som søker tilflukt frå etnisk vald i Kasai-regionen i Kongo.

Reis til flyktningleiren Kakanda. I ein krok av leiren finn du Mami Dani. Der bur ho saman med foreldrelause born som er komne til leiren.

Marcel mista begge foreldra

Mami Dani Ndaya sammen med Marcel. Foto: Håvard Bjelland / Kirkens Nødhjelp.
Mami Dani Ndaya sammen med Marcel. Foto: Håvard Bjelland / Kirkens Nødhjelp.

Foreldra er borte av ulike grunner, som oftast er det dødsfall som er årsaka til at borna må klare seg åleine. Då er det bra at kvinner som Mami Dani trør til.

– For tida er det eg som er mammaen deira. Når eit barn utan foreldre vart funne, så vert det teken med hit, forklarer Mami Dani, som seier det vert jobba med å finne fosterfamiliar til borna.

Eit av borna er sju år gamle Marcel, som bur i leiren saman med dei fire syskena sine. Mora vart drepen, medan faren tok søskenflokken på fem med seg til Angola. Der fekk han etter kort tid hjarteinfarkt og døde. Også to av Marcels storesystrer vart drepne samtidig som mora. Marcel seier han saknar foreldra, men smilet er likevel på lur når han får leike saman med dei andre foreldrelause borna i leiren.

Var målskive for opprørarar

– Det er Gud som gjev meg styrke til å halde ut, seier Mami Dani, når ho får spørsmål om korleis det er mogleg å ha ansvar for 40 born døgnet rundt, sju dagar i veka.

Mami Dani Ndaya til høyre gir mat til Marcel. Foto: Håvard Bjelland / Kirkens Nødhjelp.
Mami Dani Ndaya til høyre gir mat til Marcel. Foto: Håvard Bjelland / Kirkens Nødhjelp.

Eigentleg jobba Mami Dani ved eit politikontor i Kongo, men då opprørsgrupper i Kasai-regionen gjekk til angrep på alle statlege bygg og til og med statleg tilsette, så måtte ho flykte til nabolandet Angola. Dit flykta også mange andre, og flyktningleirar vart oppretta på rekordtid.

I leirane fann mange flyktningar måtar å livnære seg sjølv på. Kreativiteten og arbeidslysta er stor blant kongolesarane som har måtte flykte frå alt dei hadde. Men utfordringane er også mange, og livet i ein flyktningleir kan vere farleg. Då er det godt slike som Mami Dani kan vere der å passe på.

Tilbake

Gi en gave

Din støtte går der behovet er størst

Du kan gi uten å fylle ut opplysninger om deg selv, men legg gjerne inn e-postadresse og telefonnummer om vi kan få lov å kontakte deg av og til, for eksempel de gangene vi trenger akutt hjelp.

Gaven din kan gi 250 kr er nok til å gi 1 person personer varig tilgang til rent vann hver måned