Politikk om berekraftsmåla

Arbeiderpartiet seier klart at verda ikkje er i rute med å nå FNs berekraftsmål. Dei vil forankre utviklingspolitikken i berekraftsmåla og bygge på FNs 17 mål i alle vedtaka sine. Dei har ikkje meir konkrete tiltak og handlingsplanar for å nå måla. 

Høgre har utarbeidd ein nasjonal handlingsplan for berekraftsmåla og er tydelege på oppfølging av denne. Dei vil mellom anna krevje at kommunar, fylkeskommunar og andre offentlege verksemder legg berekraftsmåla til grunn for arbeidet sitt.   

Framstegspartiet nemner ikkje berekraftsmåla ein einaste gong i programmet sitt. 

Senterpartiet meiner at det å oppnå berekraftsmåla er ei av hovudmålsetjingane for stortingsperioden 2021-2025 og dreg fram at avskaffing av svolt og fattigdom er avgjerande for å nå dei andre måla slik som retten til mat, vatn og helse. Dei har ikkje meir konkrete tiltak for å nå måla. 

Sosialistisk Venstreparti vil at Noreg skal vere ei tydeleg stemme for berekraftsmåla og menneskerettane i alle internasjonale samanhengar. Dei meiner det trengst ein ny kurs der berekraftsmåla blir tekne på alvor, men har ikkje tydelege tiltak for korleis Norge skal jobbe målretta for å oppnå måla.   

Venstre meiner at FNs berekraftsmål er eit av dei viktigaste verktøya for å fremje menneskerettar og meir internasjonalt samarbeid. Dei vil jobbe på tvers av sektorar for å nå måla.  

Kristeleg Folkeparti vil føre ein politikk i tråd med berekraftsmåla og at regjeringa skal rapportere regelmessig om korleis norsk politikk bidreg til å oppfylle måla.  

Miljøpartiet Dei Grøne har FNs berekraftsmål som rettesnor. Dei ynskjer å legge måla til grunn for all politikk og vil rapportere om korleis måla vert fylgde opp både nasjonalt og internasjonalt.  

Raudt nemner FNs berekraftsmål berre éin gong i programmet, under klimapolitikken.