Politikk om bistand

Arbeiderpartiet er klare på at éin prosent av Noregs bruttonasjonalinntekt (BNI) skal gå til bistand. Dei har fem hovudprioriteringar for bistanden: klima, ulikskap, likestilling, flyktningar og smittsame sjukdommar.  

Høgre vil gi mindre i bistand, trass eit aukande behov. I tillegg vil dei at resultatmål skal vere førande for bistanden, noko som vil bety at tiltak vert vurderte ut frå kor effektivt dei når mål, ikkje kor gode dei er for folk og miljøet. Høgre vil òg bruke bistanden til å inngå avtalar slik at flyktningar får opphald i tredjeland. 

Framstegspartiet vil bruke «betydelige deler» av bistandsbudsjettet til å forhandle asylavtalar og redusere budsjettet kraftig. Dette bryt med internasjonale bistandsmål. FrP meiner at bistand skal brukast til Noregs eigeninteresser og returavtalar, men har òg eit par punkt om skadelege skikkar og at land som har opplevd naturkatastrofar skal få hjelp. 

Senterpartiet vil at éin prosent av BNI skal gå til bistand for å oppfylle berekraftsmåla. Dei ynskjer at Noreg skal fokusere på landbruk og sikring av matforsyninga i ei tid der klimakrisa truar matproduksjonen.   

Sosialistisk Venstreparti meiner at den viktigaste oppgåva til bistanden skal vere å gjere fattige land i stand til å finansiere si eiga utvikling. Dei vil at Noreg skal bruke meir enn éin prosent av BNI til utviklingsbudsjettet, og at pengane skal bidra til å styrke sivilsamfunn og avverjing av katastrofar. 

Venstre ynskjer å gi minst éin prosent av BNI til bistand og vil prioritere menneskerettar, likestilling, demokrati og økonomisk rettferd. Dei vil òg gi meir til å motverke øydelegging av regnskog. 

Kristeleg folkeparti vil gje bistand der det trengst mest for å auke levestandarden for dei fattigaste og sikre utdanning, betre helse og godt styresett. Dei vil at éin prosent av Noregs BNI skal gå til bistand, og vil fokusere på å motverke fattigdom i dei fattigaste landa i verda. 

Miljøpartiet Dei Grøne satsar på utdanning, seksuell og reproduktiv helse og rettar samt jordbruk og beredskap mot klima- og naturkatastrofar i bistandspolitikken sin. Dei vil at bistanden skal gå meir på premissa til mottakarane for å bygge lokalt eigarskap, og vil gi éin prosent av BNI i bistand. 

Raudt ynskjer å gi éin prosent av BNI til samfunnsutvikling i fattige land. Pengane kan gjerne kanaliserast gjennom sivilsamfunnsorganisasjonar som fagrørsla. Raudt vil satse på matproduksjon, tilgang på reint vatn, helsetenester og utdanning. Dei er òg tydelege på at pengar til klimatiltak og flyktningarbeid i Noreg ikkje skal takast frå bistandsbudsjettet.