Politikk om menneskerettar og likestilling

Her er ei oppsummering av kva partia meiner om menneskerettar og likestilling internasjonalt.

Arbeiderpartiet har mykje fokus på menneskerettane i partiprogrammet sitt, både når det gjeld internasjonal solidaritet og Noregs ansvar gjennom Oljefondet. Dei er tydelege på at utvikling skal vere basert på menneskerettane, og ynskjer å styrke sivilsamfunn verda over. I tillegg har dei fokus på likestilling, kvinners rettar og motarbeiding av kjønnsbasert vald.  

Arbeidarpartiets program 2021-2025 

Høgre ynskjer eit meir effektivt FN der menneskerettane vert prioriterte. Dei meiner at handel og internasjonalt samarbeid er ein føresetnad for demokrati og menneskerettar. Høgre vil fremje trusfridom, kvinners rettar, likestilling og LHBTQI+-personars rettar internasjonalt, mellom anna ved å ta internasjonalt leiarskap for å avkriminalisere homofili globalt.  

Høgres program 2021-205 

Framstegspartiet vil arbeide for menneskerettane, men fryktar at dei sosiale og økonomiske rettane vil undergrave tilliten til menneskerettane. Behovet for sterke sivilsamfunn eller for styrking av seksuell og reproduktiv helse og rettar vert ikkje nemnt. 

Framstegspartiets program 2021-2025 

Senterpartiet dreg fram viktigheita av at menneskerettane vert sikra i handel og næringsliv. I tillegg ynskjer dei å jobbe for kvinners rettar, rett til å bestemme over eigen kropp og seksualitet, og dei vil jobbe aktivt mot seksuelle overgrep, vald og skadelege skikkar som tvangsekteskap.  

Senterpartiets program 2021-2025 

Sosialistisk Venstreparti har fokus på menneskerettane i mykje av politikken sin. Dei trekker fram at seksuelle og reproduktive rettar er under press og difor bør vere ei prioritering for Noreg. I tillegg dreg dei fram kvinners rettar i og etter krig og konflikt som viktig. SV vil òg at Noreg skal jobbe for å styrke sivilsamfunn gjennom bistanden.  

Sosialistisk Venstrepartis program 2021-2025 

Venstre vil at menneskerettane skal settast framfor andre omsyn og at målet med norsk internasjonal politikk og bistand skal vere å fremje menneskerettar og likestilling. Sikring av seksuell og reproduktiv helse og rettar og styrking av sivilsamfunn står ikkje i Venstres program. 

Venstres program 2021-2025 

Kristeleg Folkeparti ynskjer at Noreg skal prioritere arbeid for menneskerettar, demokrati og fred. Dei dreg fram menneskerettar i både verdigrunnlaget til partiet og i konkrete tiltak for å sikre mellom anna sivile og politiske rettar, og rettar til utsette grupper. Styrking av sivilsamfunn vert òg trekt fram. Det står ikkje noko om tiltak for å sikre seksuell og reproduktiv helse og rettar i partiprogrammet.  

Kristeleg Folkepartis program 2021-2025

Miljøpartiet Dei Grøne vil at menneskerettane skal ligge til grunn for handelspolitikken og er i fokus i politikken deira. Vidare vil dei styrke arbeid mot seksuell vald i krig og kriser.  

Miljøpartiet Dei Grønes program 2021-2025 

Raudt vil styrke sivilsamfunn over heile verda og arbeider saman med fleire sosiale rørsler, mellom anna for likestilling gjennom tilgang til familieplanlegging og utdanning. Dei legg vekt på viktigheita av å sikre både menneskerettane og folkeretten, og dreg fram retten til reint vatn. 

Raudts program 2021-2025