Politikk om mindre ulikskap

Her er ei oppsummering av kva partia meiner om ulikskap internasjonalt.

Arbeidarpartiet ynskjer ein internasjonal konvensjon om økonomisk openheit og vil jobbe for at internasjonale selskap ikkje skal kunne gøyme vekk pengar i skatteparadis, men betale skatten dei skuldar. Ap vil ha fokus på klima og miljø i handelspolitikken og meiner at tap av natur skal vektleggast meir i nye handelsavtalar. Rettferdig handel skal sikrast, men oppbygging av marknader i fattige land vert ikkje nemnt. Ap vil vidare jobbe for at statlege gjeldskriser vert handterte rettferdig. 

Arbeidarpartiets program 2021-2025 

 

Høgre vil jobbe for eit internasjonalt bindande samarbeid for å sikre at selskap betalar skatt der verdiane blir skapte. Dei er tydelege på at norske reglar òg må endrast for å få til dette. Høgre vil ha auka handel mellom Noreg og fattige land, men det står ingenting om moglegheitene deira til å beskytte eigne marknadar eller få tilgang til norske marknader. Det står heller ingenting i Høgres partiprogram om internasjonal gjeldspolitikk, trass den aukande faren for gjeldskriser verda over.  

Høgres program 2021-205 

 

Framstegspartiet vil sikre at verdiar vert skattlagde der dei blir skapte, og at internasjonale selskap i Noreg betalar skatt på lik linje med norske aktørar.  FrP er òg tydelege på at land som ikkje kan eller bør betale tilbake gjelda si, må få sletta denne. Her dreg dei fram at land som er ramma av naturkatastrofar må få gjeldsfrys fram til dei har handtert krisa. Vidare vil FrP at utviklingsland skal få tilgang til å eksportere til den norske marknaden, men det er ikkje nemnt at fattige land må få beskytte og bygge opp lokale marknadar. 

Framstegspartiets program 2021-2025 

 

Senterpartiet ynskjer å arbeide mot korrupsjon, skatteparadis og unndraging av skatt, til dømes gjennom å skattlegge internasjonale selskap og ha avgift på valutahandel. Dei vil òg bidra til sletting av ulovleg og ikkje-berekraftig gjeld i fattige land. Sp har ein omfattande handelspolitikk med mål om å sikre demokratisk styring, oppfølging av menneskerettane og større handelsrom for dei fattigaste landa.  

Senterpartiets program 2021-2025 

 

Sosialistisk Venstreparti vil jobbe for ein FN-konvensjon for rettferdig internasjonal skattlegging og finansiell openheit slik skatt skal betalast der verdiane skapast. Som eitt av fleire tiltak vil SV endre globale skattereglar og arbeide for einskapleg skattlegging. SV meiner Noreg må arbeide for rettferdig og ansvarleg långiving og sletting av illegitim gjeld. Vidare vil dei jobbe for at klimafinansiering ikkje vert gitt i form av lån, men dei har ikkje eit tydeleg punkt om at land i krise må få gjeldsfrys. SV vil at fattige land skal få tilgang til norske marknadar, men vil samtidig redusere den samla matimporten. I tillegg vil dei flytta makt over handelspolitikk til FN for å sikre mellom anna miljø- og naturressursar. 

Sosialistisk Venstrepartis program 2021-2025 

 

Venstre er tydelege på at skatt skal betalast der overskotet blir skapt. Partiet vil arbeide for skattlegging av internasjonale selskap og motverke bruk av skatteparadis. I programmet står det òg at ulovleg og ikkje berekraftig gjeld skal kunne slettast for å unngå gjeldskrise. Venstre ynskjer at utviklingsland skal få ei større rolle i internasjonal handel.  

Venstres program 2021-2025 

 

Kristeleg Folkeparti ynskjer å arbeide for ein internasjonal avtale for at selskap skal skatte der dei har verksemda si. Partiet vil ha meir openheit og tilgjengeleg informasjon om kor mykje selskap tener og skattar og kvar overskotet endar opp. KrF ynskjer òg å arbeide for at ulovleg og ikkje berekraftig gjeld vert sletta, og at klimafinansiering ikkje skal bidra til auka gjeldsbyrde. I programmet står det at det er viktig at fattige land har høve til å beskytte eigne marknadar, men òg at dei har tilgang på marknadar i rike land. 

Kristeleg Folkepartis program 2021-2025 

 

Miljøpartiet Dei Grøne vil kjempe mot skatteparadis og aukande ulikskap. Dei vil jobbe for ein internasjonal konvensjon for skattlegging av internasjonale selskap og meir økonomisk openheit. MDG vil òg ha nokre globale skattar, til dømes ein global formueskatt for dei éin prosent rikaste der inntektene går til å oppnå FNs berekraftsmål. I tillegg vil MDG arbeide for sletting av ulovleg gjeld, og dei er tydelege på at handel bør bidra til å nå måla i Parisavtalen. 

Miljøpartiet Dei Grønes program 2021-2025 

 

Raudt vil ha auka kontroll over store selskap og tilgjengeleg offentleg informasjon om kor mykje dei tener, og kvar dei betalar skatt. Partiet vil òg slette gjeld i fattige land og sikre at land som har høge gjeldsbyrder ikkje skal få klimafinansiering i form av lån. Raudt vil at internasjonal handel skal respektere føre-var-prinsippet, og vil ikkje inngå avtalar med land som ikkje følger Parisavtalen. 

Raudts program 2021-2025