Kirkens Nødhjelp-kontaktene er blant Kirkens Nødhjelp sine viktigaste medarbeidarar. Her får du møte ei av dei: Sølvi Rise er Kirkens Nødhjelp-kontakt i sin lokale kyrkjelyd i Trondheim.
Kirkens Nødhjelp er mitt hjartebarn, smilar Sølvi. Ho er diakon i Strindheim kyrkjelyd i Trondheim, og kyrkjelyden sin friviljuge Kirkens Nødhjelp-kontakt.
- Kva inneber det å vera såkalla Kirkens Nødhjelp-kontakt?
- I vår kyrkjelyd betyr det at eg er involvert i Kirkens Nødhjelps fasteaksjon kvart år. Når det kjem post frå Kirkens Nødhjelp så hamnar han hjå meg, og elles freistar eg å setje fokus på Kirkens Nødhjelp sitt arbeid der det fell naturleg.
Som friviljug Kirkens Nødhjelp-kontakt er Sølvi Rise ein av Kirkens Nødhjelp sine viktigaste medarbeidarar i Noreg. Ho er organisasjonen sin kontakt i kyrkjelyden, og kyrkjelyden sitt bindeledd med den globale kyrkja og Kirkens Nødhjelp sitt nettverk elles. Kyrkjelydane er nemleg Kirkens Nødhjelp sin grunnvoll. Kirkens Nødhjelp-kontakten blir oppnemnd av soknerådet/eldsterådet i kvar enskild kyrkjelyd.
- Kirkens Nødhjelp er kyrkja sin eigen organisasjon. Det er med andre ord vår kyrkjelyd sin organisasjon, og det er me som kyrkje som står bak, slår Sølvi Rise litt stolt fast.
- Difor er det heilt naturleg at me som kyrkjelyd engasjerer oss i diakonalt internasjonalt arbeid gjennom Kirkens Nødhjelp, seier Rise.
Rise er med andre ord oppteken av å halde fram at Kirkens Nødhjelp sitt arbeid er Strindheim kyrkjelyd sitt arbeid.
- Det er jo heilt fantastisk å ha ein så profesjonell organisasjon som Kirkens Nødhjelp som organiserer internasjonalt hjelpearbeid for oss som kyrkjelyd!
Sølvi Rise er diakon i kyrkjelyden der ho er Kirkens Nødhjelp-kontakt. Men ho understrekar at ein friviljug like godt kan ta på seg den oppgåva.
- For meg er Kirkens Nødhjelp-kontakten ein som hjelper til med å organisere og koordinere det internasjonale engasjementet i kyrkjelyden, samtidig som det er den personen Kirkens Nødhjelp kan ta kontakt med i kyrkjelyden. Om denne kontakten er ein tilsett eller en friviljug, er ikkje så viktig, understrekar Sølvi Rise.
For Sølvi Rise gir det å engasjere seg friviljug i Kirkens Nødhjelp viktige perspektiv.
- Det er kjempeviktig å sjå lenger enn sin eigen nasetipp, å sjå at me som bur på denne jorda, høyrer saman, at me er avhengige av kvarandre. Som kyrkjelyd blir vårt engasjement i Kirkens Nødhjelp ein måte å bry oss om våre søsken i andre land på, slår Sølvi Rise fast.
Ønsker du å få vite mer om hvordan du kan engasjere deg i ditt nærmiljø? Ta kontakt med oss for en uforpliktende prat! Her finner du kontakter i din region!