Kirkens Nødhjelps blogg

Håp i angstens tid

Klimaangsten plagar meg. Eg snur meg vekk frå dårleg klimanytt. Vil ikkje høyre om reduksjon i biologisk mangfald, havstigning og avskoging. Gler meg ikkje lite over brå varmedagar.

biskop Abune Aregawi fra Den Ortodoke kirken i Etiopia snakket om kirkeskogene under Olavsfest i Trondheim.

Så blei det ein gratis terapitime å vera med Kirkens Nødhjelp sitt seminar om Etiopiske kyrkjeskogar på Olavsfestdagane i Trondheim.

Terapi

I den vakre åttekanta Hospitalkirken frå 1706 samtala Yemane Salih, tilsett på KN sitt kontor i Addis Abeba, biskop Abune Aregawi frå Den Ortodoke kyrkja i Etiopia og Iman Ibrahim Saidy frå Gambia og Grønland om sin respekt for skaparverket.

-Det er ikkje rettvis, sa biskopen at me som har gjort å lite for å øydelegge klima, skal bære så store omkostningar. I hans heimland misser dei no sju av ti regntider.

I ortodoks teologi er skogen heilag. Mykje av skogen som er att i Etiopia er å finne kring landets kyrkjer og kloster. For hundre år sidan var Etiopia dekka av skog. No er det fire- fem prosent att med dei følgjer det får for erosjon og forørkning. Kyrkjeskogane er våre lunger, seier den ortodokse teologien. Utan kyrkjeskogane får me ikkje puste. Seier teologien slikt, blir det eit godt diakonal tiltak å plante tre. Tre som tek opp CO2, gjev liv for menneske og dyr og er ein vakker del av Guds skaparverk.

Noas Ark

Eit anna bilde er å sjå kyrkjeskogane som ein Noas Ark, ein stad der dyr og plantar har overlevd, ein genbank for framtida, så å seie.

For litt sida planta etiopiarane 350 million tre, og Kirkens Nødhjelp samarbeider tungt med den ortodokse kyrkja for å ta vare på kyrkjeskogane. Det er von i dei breie religiøse alliansar for å få til positive klimaendringar. Meir bind oss saman enn som skil. Samstundes kan me lære noko av etiopiarane sin respekt kyrkjeskogane, og ropet deira om rettferd.

Er det dette som og gjer det vanskeleg for meg, for oss, at me lever så lett med urett? Er det ein underliggande angstgrunn? Gjer med det me kan for å rette opp uretten? Det er tid for å få henda utav buskelommene, og plante alle slags tre, konkrete og biletlege.

Ein god angst

Angst er vondt. Så fins det medisiner som kan roe nervene. Dei hjelper på symptoma, og set ein i stand til arbeide med grunnane til angsten.

Angsten fortel at noko er gale. Slik er han ein god ting. Men tung angst gjer lam. Set seg i pusten, hindrar ein å ta tak. Kjennest som om ein skal dø.

Ein kan godt ignorere signala. Men då stivnar ein i tunge og ubrukelege mønster. Eksponeringsterapi kan gjerne hjelpe, då trener ein på å møte det ein er redd for.

På veg ut kyrkja kom eg til å tenke på eit dikt av Halldis Moren Vesaas ( 1907-1995). Ei dikt som kom i Tung tids tale i 1945, og vart til under inntrykk av Hiroshima-bomba.

No plantar kvinna i verda eit tre.
På kne liksom ein som bed
ligg ho blant restene etter dei mange
som stormen har brote ned.
På ny må ho prøve, om ein gang eitt
får vekse seg stort i fred.
Ho opnar molda og reier eit rom
for røtene, fine som hår,
så dei kan få feste og finne ned
dit livsene straumar går.
Plante eit tre er å bygge ein veg
fram gjennom mange år.

Ein draum om det fullvaksne treet
står som ein kvelving bjart
av blomar og lauv over kvinna,
som klappar så fast og vàrt
mold inntil røter, og vonfull tel
kvar knupp som skal breste snart.

----

Da dirrar treet, og handa som held det,
og grunnen der det er fest.
Kva er det? Skalet kring kjerna
av mørker i djupet, som brest?
Ho set dei utspilte hender mot molda
som ville ho tvinge til ro
den trugande dirring. Å jord, ver still,
ver still, så mitt tre får gro.

Del innlegget

 
Facebook