Kirkens Nødhjelps blogg

Vandring mot fridom.

Under krusifikset i Røldal er det ingen som spør kven som er innsett, tilsett eller diakon. Men berre dette ein; Velkomen kjære pilegrim. Inni meg ber eg ei bøn om dagens verkelege pilegrimar, dei 70 millionar på flukt kring i verda, må få oppleve å bli tekne imot?

Stokkutleggingsbrua i Bruhølen

For nokre veker sidan gjekk eg årets siste tur. Seks innsette frå Skogsleiren i Fyresdal var med over Haukelifjell til Røldal. Før vart somme dømd til å gå pilegrim. Tanken var at ein skulle få tid til å tenke nye og betre tankar, og legge frå seg gamle mønster. 

Sidan 2013 har fengslet i Fyresdal gjeve eit årleg tilbod om pilegrimsvandring, kalla Vandring mot fridom. Det er ikkje lange vandring, to dagar og tre mil, men ein får høve til å reflekterer over korleis ein vil ha livet etter soning, og eg får tankar om dei mange andre som går kring i verda. 

Å gå pilegrim over Haukelifjell og ned til den gamle stavkyrkja i Røldal er godt. Gjerne med folk frå psykisk helse i Vest- Telemark kommunane eller innsette frå  fengselet i Fyresdal. I kyrkja der fanst det undergjerande krusifikset. Krusifikset vart sagt å sveitte , og fekk ein noko av denne sveitten på seg, kunne ein bli frisk  

På flukt

Overalt i verda går ein. Millionar er på flukt. Frå krig, klima og fattigdom. Mange ber tungt. Kvinner og barn går i timar for å hente vatn mange stader. Då er det godt å koma fram, og få sett av seg børa.

Eg tenker meg pilegrimsvandringar slik. Ein går mot ein mål for å legge av seg. Så veit ein at det er lettarar å legge av seg ting i eit fellesskap. Difor går ein saman med andre.

Det er utrygt å legge ut på vegen. Men samstundes noko vonfullt. Å gå gjev von. Går ein, vil ein leve. Går ein, er det for livet. Om det ikkje var ei framtid, ein veg for oss, ville me aldri bry oss om å gå.

Kunsten å gå

På vegen opp mot Dyrskar bli eg gåande å nynne på Odd Nordstogas populære song for nokre år sidan. Kunsten å gå; «Eg er ute å prøvar kunsten å gå. Det her er mitt initiativ. Det er eg som er serven i mitt liv serven i mitt liv», kanskje det er det som er å vera pilegrim?

Serven  handlar om å ta initiativ, kjenne på fridomen og ta kontrollen i eige liv. Det krev at ein er i rørsle. Eitt bein framom det andre er nok. Gong etter gong. Men alle liv treng andre på vegen, relasjonar og kameratskap. Det kan ein finne på vegen. Ingen er åleine.

Rett før Dyrskar ligg det ein gamla vegtunell frå 1900. Her kan ein tenke kva ein vil legge att  i mørket. Me treng alle å legge av oss dei tinga som tynger, og  gå lettare ut i lyset.

På vandringa kan ein utvikle kameratskap. Slike pilegrimsvenskap får lov å vera korte og intense, som nokon ein møter på eit tog. Pratar, pratar om laust og fast. Nært og godt. I Bergen eller Trondheim stig ein av. Og helst ser ein ser aldri kvarandre att. Men den gode opplevinga av nærleik sit att.

Eg har gått til Røldal mange gonger. Men kvar vandring er ny. Vegen ligg der som den har gjort i tusen år, men folka er nye. Det hjelper meg å oppdage noko nytt kvar gong.

Som at den gamle stokkutleggingsbrua i Bruhølen  før Røldal har to feste, at ho er bygd frå båe sider.  Når me tenker at me må streve med å bygge våre eigene bruer over avgrunnar, er det nokon som bygger ei bru mot oss frå andre sida.

Å bli teken imot

Så er pilegrim ein framand på vandring. Ordet pilegrim kjem  frå pergrinus. Det vil seie ein som fekk lov å gå gjennom åkrar som igjen vert tolka som å forlate bygda si. Å vera pilegrim er grunnleggande å leve i vona om at ein vert teken imot. Komen fram er pilegrimen blitt kjend. Med natur, folk og seg sjølv. Heim tok pilegrimen nye tankar og opplevingar.