Kirkens Nødhjelps blogg

Eilev Erikstein

Eilev har sin oppvekst på Trøndelagskysten og i Elverum med studieår i Oslo. I oppveksten drøymde han om å bli arkeolog. Det vart det aldri noko av sjølv om han fekk seg eit Historie Mellomfag på Blindern før han byrja å arbeide på  Gaustad Sjukehus . Som pleiemedhjelpar på ei lukka kvinneavdeling, dukka ideen om å bli sjukepleiar opp. Diakonhjemmet kjønnskvoterte menn inn, og 1987 var han ferdig diakonikandidat. 

Etter tre år som sjukepleiar på Sterkavdelinga på Gaustad, tok han til som prostidiakon i Vest- Telemark. Sidan 1991 har han vore diakon i Tokke, Vinje, Nissedal, Kviteseid og Fyresdal med bustad på Dalen. Han er diakon nummer to i denne alle fyrste prostidiakonstillinga i landet.

Ein av dei store gledene i jobben er den årleg Fasteaksjonen.( « Det viktigaste konfirmantane lærer om diakoni gjennom året.» ) Elles går det i  samtaler, krise – og sorgarbeid, fengselsbesøk i Fyresdal, pilegrimsvandringar og anna «diakonalgang». Andre gleder i livet er bøker, jogging, og reise med tog.   

Alle innlegg av denne forfatteren