Vidvinkel

I podkasten Vidvinkel har me som mål å kaste meir lys på land og tema som Kirkens Nødhjelp jobbar med. Er du nysgjerrig på korleis ein best kan hjelpe kvinner på landsbygda i Malawi å føde? Kanskje du lurer på korleis den politiske situasjonen i Kongo er? Eller korleis jobbar palestinske og israelske organisasjonar saman for å bygge fred i Midtausten?

Vidvinkel er Kirkens Nødhjelps podkast.
Vidvinkel er Kirkens Nødhjelps podkast.

Her finn du episodane til Vidvinkel, men du finn dei også der du lastar ned dine podkastar.

 

Ein gruvearbeidar og ein statsminister: økonomisk ulikhet

Fattige gruvearbeidarar lever i livsfarlege nabolag, mens sjefane i gruveselskapa har enorme pengebingar langt borte frå gruvene. Dei økonomiske skilnadane i verda er snart så store som dei aldri før har vore.

Våre ekspertar på økonomisk rettferd forklarer kvifor det er slik, og korleis vi kan løyse problemet. Og Erna Solberg seier korleis regjeringa kjemper mot ulikhet internasjonalt.

Dr. Denis Mukwege

Gjennom 24 år har Kirkens Nødhjelp jobba tett saman med Denis Mukwege i kampen mot seksuell vald. I denne episoden av Vidvinkel skal me lære meir om kva seksuell vald er, kva det kan føre til, og om me kan gjere noko for å stanse det. Me lærer også meir om FNs berekraftsmål om likestilling, og møter ei norsk kvinne som har levd med vald i heimen.

Tredje episode: Vassrisiko

– Du kan jo selv prøve å klare deg uten vann, sier FNs miljøsjef, Erik Solheim, som snakker om verdens viktigste ressurs.

I denne episoden av Vidvinkel vil du høre mer fra Solheim. Du vil også kunne lære mer om viktigheten av vann, og ikke minst hvilken rolle næringslivet spiller for at vi skal ha rent vann i framtiden. Dette var temaer på vårt og Storebrand sitt seminar under Arendalsuka i år.

 

Ekspertprat: Sør-Sudan

Rundt halvparten av Sør-Sudans befolkning har behov for humanitær hjelp. Burde vi bare gi opp landet? Kirkens Nødhjelps Sør-Sudan-ekspert, Odd Evjen, deler sine tanker.

Ekspertprat: Gaza

For sjuande fredag på rad demonstrerar palestinarar i Gaza, og fleire er drepne etter at Israel har svart med skarpe skot.

Kva vil demonstrantane, og kvifor held Israel fram med å svare med så harde middel når dei får kritikk frå fleire hald, deriblant FNs menneskerettssjef?

Tidlegare sjef for Kirkens Nødhjelps kontor i Jerusalem, Liv Snesrud, svarer på desse og fleire andre spørsmål i denne ekspertpraten. Der fortel ho også om kva som skjedde då ho vart kasta ut av Israel tidlegare i år.

 

Andre episode: Kongo

4,8 millionar kongolesarar er på flukt. I denne episoden av Vidvinkel får me vite meir om kvifor det er slik. Me får også lære meir om pressefridom i Kongo, kampen mot seksuell vald og kvifor mangelen på ein ordentleg rettsstat fører til at dette problemet får halde fram i Kongo. Til slutt tek me ein ekstra kikk på bærekraftsmål nummer 16 og fred og rettferd.

Vegard Tjørhom Vil du vite mer om forholdene i Kongo, les Vegards blogg Velsigna av Gud – øydelagd av menneske

 

 

Ekspertprat: Brasil og Hydro

Har Hydro forureina drikkevatnet til tusenvis av menneske, eller har dei ikkje? Brasilianske styresmakter har gitt Hydro bøter på rekke og rad, men selskapet meiner dei er uskyldige. Spørsmåla er mange, og i denne praten med Brasil-ekspert Arne Dale, vil du kunne få nokre svar. Kva skjedde eigentleg natt til 17. februar? Kva bør Hydro gjere no? Har dette noko med klimaendringar å gjere? Og kan Brasils knallharde reaksjon vere eit «takk for sist» etter at president Temer fekk kritikk då han besøkte Oslo i fjor?

Arne Dale

Vil du vite mer om tematikken, kan du lese Arnes blogg Hydro har et forklaringsproblem

 

 

Første episode: Malawi

Malawi er eit av verdas fattigaste land, og det å sette nytt liv til verda er noko av det farlegaste ei malawisk kvinne gjer. Korleis kan me best hindre barselsdød? Kva tanker har ei nybakt norsk mamma om det å føde utan helsehjelp? Og korleis er eigentleg den politiske situasjonen i Malawi? Dette er noko av det du høyrer meir om i denne episoden av Vidvinkel.

Haldis Kårstad

For å få enda mer innsikt i tematikken, les Underprioritert og oversett av Haldis Kårstad på bloggen vår.