Besøkte jordmorstudentar: - Eg får inntrykk av at dette arbeidet har veldig høg kvalitet, målt mot resten av skulesystemet i Malawi, kommenterte statsminsteren då ho besøkte Nkoma Nursery College i Malawi.

– Mykje godt arbeid

Då statsminister Erna Solberg besøkte jordmorstudentane, fokuserte ho på håp.

Det er høgtid og feststemning på Nkoma Nursery College. Til korsong og dans blir Erna Solberg vist rundt på skulen, som er ei av 12 jordmor- og sjukepleieutdanningar Kirkens Nødhjelp støttar i Malawi. I eitt av klasseromma viser ivrige studentar korleis dei sjekkar hjerterytme og klipper ein navlestreng.

- Dette er utruleg viktig. Det å sjå korleis dei øver på å finne ut kva veg barnet ligg i ein mage, det er viktig i den lokale sjekken av gravide. Det at dei veit korleis dei skal undersøke eit nyfødt barn, er viktig for å unngå at så mange spedbarn døyr, seier statsministeren.

- Det er svært viktig at kvart enkelt land har nok helsepersonell. Malawi treng mange, mange fleire.
Statsminister Erna Solberg

Manglar fagfolk og utstyr

Nyfødde i Malawi har 1900 prosent høgare risiko for å døy etter kort tid enn norske spedbarn. Av 100.000 fødande kvinner i Malawi, døydde 675 i fjor. I Norge er dødstallet 7 av 100.000.

Dei 12 sjukepleieskulane som Kirkens Nødhjelp støttar, er sentrale i arbeidet med å skaffe landet meir helsepersonell. Landets største problem er, utanom HIV/AIDS-epidemien, mangelen på fagfolk og medisinsk utstyr.

Utdanning er nøkkelen

Besøket på Nkoma Nursery College gir statsministeren håp.

Positiv endring: Statsministeren peika på at mykje står att: – Men dei siste åra har Malawi kome mykje lenger i arbeidet med å redusere mødre- og barnedødeligheten, og det skuldas mellom anna at landet får meir helseperonell, sa Solberg.
Positiv endring: Statsministeren peika på at mykje står att: – Men dei siste åra har Malawi kome mykje lenger i arbeidet med å redusere mødre- og barnedødeligheten, og det skuldas mellom anna at landet får meir helseperonell, sa Solberg.

- Det er gjort nokre gode grep når det gjeld helsearbeidet, mellom anna fordi landet har hatt gode samarbeidspartnarar. Kirkens Nødhjelp har gjort mykje godt arbeid på mange felt i Malawi, det gjer at landet greier å løfte seg, seier statsminister Solberg.

Den norske regeringa har peika på utdanning som eit av deira viktigaste tiltak for å bidra til utvikling i fattige land.

- Det er svært viktig at kvart enkelt land har nok helsepersonell. Malawi treng mange, mange fleire. Sjukepleiarane er mange stader grunnhelsetenesta, ikkje minst på landsbygda. Det er langt til lege og det er sjukepleiaren som må sørge for at nyfødde ikkje døyr, og at kvinner ikkje døyr i barsel, seier Solberg.

 

Fakta:

  • Malawi er eitt av verdas farlegaste land å føde i.
  • Berre halvparten av kvinnene føder på sykehus. Den andre halvparten risikerer sitt eige og barnets liv i heimefødslar.
  • Mange kvinner døyr under fødsel grunna manglande profesjonell helsehjelp.
  • Av dei som overlever, får mange komplikasjonar som gir varige mein.
  • Årsakene er fleire, mellom anna lange avstandar til helsehjelp, og mangel på helsepersonell og utstyr.
  • Kirkens Nødhjelp støttar fødeklinikkar, og dessutan utdanning av jordmødre og sjukepleiere i landet. I 2015 blei 584 ferdig utdanna på skular som KN støttar.

DU KAN OGSÅ BIDRA

Å utdanne fleire jordmødre og sjukepleiarar reddar liv. Bli med og hjelp Kirkens Nødhjelp i arbeidet for å styrke helsetilbudet i Malawi. LES MER OM Marys draum om å føde eit friskt barn.

Les hvordan

Hold deg oppdatert med vårt nyhetsbrev