Din bedrift forandrer samfunn

Vann, helse og levebrød

Reint vatn med dugnadsbygging

Reint vatn med dugnadsarbeid

Medan Etiopia er råka av ein alvorleg tørkekatastrofe, kan innbyggarane i landsbyen Gonta gle seg. Dei har ikkje berre fått ein brønn, men og ei fellesoppgåve som bind dei saman.

For tre år sidan fekk landsbyen i Gelana-distriktet sør i Etiopia ønsket sitt oppfylt: Pengar frå Kirkens Nødhjelp bidrog til at det blei bygd 23 brønnar i distriktet, og ein av dei blei bora i Gonta.

Det har gitt landsbybuarane ein heilt ny kvardag. I likskap med dei fleste stadene på landsbygda i Etiopia hadde også dei vore avhengige av å hente drikkevatn til både menneske og dyr frå ei elv. Men elva er langt frå landsbyen, og det tok ein og ein halv time å gå dit.

Derfor har brønnen tent eit håp. For brønnen bidreg ikkje berre med reint drikkevatn og meir tid til andre oppgåver. Det er også ein ny form for service til buarane i området. Landsbybuarane bidrog sjølve under bygginga av brønnen, då dei laga eit gjerde rundt brønnholet. Og no held dei fram med å sikre at brønnvatnet alltid er reint.

Lokale brønnvaktar

Fleire av buarane i Gonta har ei særskild viktig rolle i landsbyen. Dei er brønnvakter, som jobbar gratis for å sikre seg sjølve og naboane tilgang til reint vatn også i mange år framover.

Ein av dei er 55 år gamle Abraham Gemede. I tillegg til å vere sjubarnsfar og bonde, er han også brønnvakt.

Eller, det vil seie: Eigentleg er det kona som deltek i komiteen som har ansvar for økonomi, hygiene og reparasjon av brønnen.

Men sidan kona nettopp hadde fødd parets sjuande barn da vår journalist besøkte landsbyen, var det Abraham som hadde ansvaret med å vakte brønnen.

– For få dagar sidan fødde kona mi ei jente. Så no jobbar eg her på vegne av ho, slik at ho kan ta vare på babyen, fortalde Abraham, og viste fram den vesle loddboka der han noterte ned dei ulike økonomiske bidraga som kom inn.

Samlar inn pengar kvar månad

Det held ikkje å få ein brønn for å forbetre liva til folk. Brønnane må også haldast ved like slik at dei gir reint vann og meir fritid i årevis framover.

Derfor har buarane i Gonta gått saman. Då dei fekk ein brønn frå Kirkens Nødhjelp sin lokale partnar i Etiopia, Ethiopian Kale Hiwot Church, blei dei einige om at alle skal bidra med ein fast sum kvar månad: Tre etiopiske birr frå kvar innbyggar (litt under ei norsk krone).

Liknande komitear blir etablert i alle landsbyane som får brønn gjennom Kirkens Nødhjelp. Komiteane får opplæring i hygiene og økonomi, slik at brønnane kan halde fram med å fungere i mange år framover.

Kan reparere brønnen sjølv

Me gir og teknisk assistanse og opplæring til en mekaniker, og sikrar lokalsamfunnet tilgang til verktøy og reservedelar frå eit regionalt depot.

I Gonta er det Abraham som samlar inn pengane. Når dei har spart opp nok pengar, kan landsbyen sjølve ta tak om brønnen får små skadar eller lekkasjar, fortel han.

Elles er komiteen si rolle å halde orden på kor mange som bruker brønnen. Brønnen er open nokre timar på morgonen, og nokre timar på ettermiddagen. Dei avgrensa opningstidene sikrar at brønnen alltid har tilsyn. Dermed er det mindre risiko for at den blir øydelagt.

Abraham synest det er viktig å bidra til at brønnen blir halden ved like.

– Me har lidd lenge utan tilgang på drikkevatn. Det minste eg kan gjere no som me har fått vatn, er å bidra gratis for å hjelpe landsbyen. Vatnet er veldig verdifullt for oss. Dette vatnet tilhøyrer både meg og alle andre i landsbyen, sa han.

Tilbake