Reint vatn med dugnadsarbeid

I Gonta i Etiopia har landsbybebuarane alliert seg for å nedkjempe øydelagde brønnpumper og ureint drikkevatn. Fleire stader i Etiopia jobbar folk gratis for å sikre seg sjølve og naboane tilgang til reint vatn i mange år framover.

For nokre månader sidan fekk landsbyen Gonta i Gelana-distriktet i Etiopia oppfylt eit ønskje dei har hatt i mange år: Reint vatn i form av ein brønn.

I likskap med dei fleste stadene på landsbygda i Etiopia, så har dei også i Gonta vore avhengige av å hente drikkevatn til både menneske og dyr frå ei elv. Men elva er langt frå landsbyen, og det tok mange timar å gå til elva.

No har ein ny brønn i landsbyen tent eit håp. For brønnen bidreg ikkje berre med reint drikkevatn, men det er også ein ny form for service til bebuarane i området. Landsbybebuarane bidrog sjølve under bygginga av brønnen, då dei laga eit gjerde rundt brønnholet, og i ettertid har dei halde fram med å sikre at brønnvatnet alltid er reint.

Fleire av bebuarane i Gonta har ei særskild viktig rolle i landsbyen. Ein av dei er 55 år gamle Abraham Gemede. I tillegg til å vere sjubarnsfar og bonde, så er han også brønnvakt.

Det er eigentleg Abrahams kone som er ein av sju landsbybebuarar som deltek frivillig i ein komitè der dei har ansvar for økonomi, hygiene og reparasjon av brønnen. Men sidan kona nettopp har fødd parets sjuande barn, så er det no Abraham som har ansvaret med å vokte brønnen.

– For få dagar sidan fødde kona mi ei jente. Så no jobber eg her på vegne av ho, slik at ho kan ta vare på babyen, fortel Abraham, og viser fram den vesle loddboka der han noterer ned dei ulike økonomiske bidraga som kjem inn.

Då bebuarane i Gonta fekk ein brønn frå Kirkens Nødhjelp sin lokale partnar i Etiopia, Ethiopian Kale Hiwot Church, så vart dei einige om at alle skal bidra med ein fast sum kvar månad. Pengane som Abraham har ansvar for å samle inn bidreg til å halde brønnen gåande. Og når dei har spart om pengar, så kan landsbyen sjølve ta tak om brønnen får små skadar eller lekkasjar, fortel Abraham.

Komiteen si rolle er å halde orden på kor mange som bruker brønnen. Brønnen er open nokre timar på morgonen, og nokre timar på ettermiddagen. Det er sett opp avgrensa opningstider slik at brønnen alltid har tilsyn, og det er dermed mindre risiko for at den går i stykker.

Abraham synest det er viktig å bidra til at brønnen vert halden ved like.

– Me har lidd lenge utan tilgang på drikkevatn. Det minste eg kan gjere, no som me har fått vatn, er å bidra gratis for å hjelpe landsbyen. Vatnet er veldig verdifullt for oss. Dette vatnet tilhøyrer både meg og alle andre i landsbyen, seier Abraham.

I 2015 bidrog pengar frå Kirkens Nødhjelp til at det vart bygd 23 brønnar i Gelena-distriktet, som ligg i Oromia-regionen i Etiopia. I tilknytting til kvar brønn er det etablert slike komitear som Abrahams kone er ein del av. Desse komiteane får opplæring i hygiene og økonomi, slik at brønnane kan halde fram med å fungere i mange år framover.

Gi en gave

Din støtte går der behovet er størst

Du kan gi uten å fylle ut opplysninger om deg selv, men legg gjerne inn e-postadresse og telefonnummer om vi kan få lov å kontakte deg av og til, for eksempel de gangene vi trenger akutt hjelp.

Gaven din kan gi 250 kr er nok til å gi 1 person personer varig tilgang til rent vann hver måned
Akkurat nå er behovene for nødhjelp akutte i