Syr seg sterke og stolte

Stone Town, Zanzibar: Josefina Cornelio veit ikkje kven som skal pynte seg med skjørtet ho syr. Men ho veit at pengane ho tenar på salet skal leggast i ein stor metallkasse medtre hengelåsar.

Tanzania er er eitt av verdas fattigaste land, og dei sosiale og økonomiske skilnadane mellom folk er store.

Det er også det av Kirkens Nødhjelp sine 20 programland med flest låne- og sparegrupper. I totalt 5000 slike grupper får hundre tusen kvinner høvet til å spare pengar. Frå den felles kapitalen kan dei låne pengar til å starte ein liten forretning, kjøpe husdyr, eller betale skulepengar for barna.

KVINNEMAKT

- Desse gruppene er svært viktig for å styrke kvinnene sin posisjon i samfunnet. Ved at dei tener pengar, som dei igjen låner ut, får kvinnene ein posisjon og ein sosial tryggleik dei elles ikkje hadde hatt. Pengemakt gir kvinnemakt, seier Kirkens Nødhjelp sin generalsekretær Anne-Marie Helland.

Berre på øya Zanzibar, som er ein del av Tanzania, støttar Kirkens Nødhjelp 300 slike grupper. Generalsekretæren møtte ei gruppe som hadde bygd seg opp ein kapital på 150.000 kroner.

- Eit imponerande beløp, seier Helland.

KLESDESIGN

Kirkens Nødhjelp samarbeider med den lutherske kyrkja på øya. På det interreligiøse senteret som kyrkja driv i Stone Town, finst også det solidariske forretningskonseptet Upendo. Der lærer kvinner å sy og brodere. I samarbeid med danske klesdesignarar lagar dei klede som blir selde i ein eigen butikk. Inntektene kvinne får frå salet blir nøye forvalta av låne- og sparegruppa.

- Slik lærer dei seg eit handtverk, får ei inntekt, og bidrar til at andre kvinner kan låne pengar til å starte eiga verksemd.

SOSIAL SIKRING

Ein viktig del av spare- og lånekonseptet er at kvinnene legg av pengar i eit solidarisk fond. Dersom nokon treng pengar til medisinar, mister familiemedlemmer eller får andre akutte behov for økonomisk hjelp, får dei det frå sparegruppa dei er medlem av.

Det vesle straffegebyret som alle som kjem for seint må betale, går også inn i dette fondet.

Ein halvtime utanfor Stone Town møter vi ei anna gruppe som har samla seg i skuggen for å trygge sparepengane sine. Nokre er utan arbeid, andre sel BH’ar, sko, mjøl eller juice. I løpet av halvannan time har dei lagt nesten 4000 kroner i den store metallkassen. To og eit halv tusen kroner blir lånt ut att i same møtet.

LÅNTE TIL HUS

Ei av kvinnene, Maryam Iddi Juma har har lånt pengar til å starte ein liten forretning der ho sel fruktjuice og riskaker. Og til å bygge nytt hus til familien:

- Vi hadde aldri kunne bygge oss eit nytt hus utan dette lånet, fortel Maryam.

Dei andre kvinnene gir henne applaus, mellom dei Joam Kimario:

- Eg sel sengetøy. Tidlegare hadde eg berre råd til å kjøpe inn nokre få sett kvar gong. Med lån frå gruppa kan eg kjøpe inn 400 sengetøysett, og til og med starte utsal i Arusha, på fastlandet, seier Joam nøgd.

Det er viktig for tryggleiken at ein solid del av pengane blir lånte ut, ellers blir mengda kontantar i kassa problematisk stor. Det er betre at sparepengane blir investerte, enn at ei kasse full av kontantar skulle bli stolen.

STERKE SAMAN

Kirkens Nødhjelp sin landrepresentant i Tanzania, Tale Hungnes, drøymer om at dei 5000 låne- og sparegruppene organisasjonen støttar i Tanzania kan koplast saman i eit nettverk, som kan samarbeide om til dømes forretningsutvikling, transport og lagerkapasitet.

- Spare- og lånegrupper er eit strålande døme på at sivilsamfunnet sjølv kan ordne opp når statsapparatet ikkje kan gi innbyggarane sosial tryggleik. Difor håpar eg vi kan utnytte det store potensialet som ligg i desse soldidaritetsgruppene, seier ho.

Gi en gave

Din støtte går der behovet er størst

Du kan gi uten å fylle ut opplysninger om deg selv, men legg gjerne inn e-postadresse og telefonnummer om vi kan få lov å kontakte deg av og til, for eksempel de gangene vi trenger akutt hjelp.

Gaven din kan gi 250 kr er nok til å gi 1 person personer varig tilgang til rent vann hver måned
Akkurat nå er behovene for nødhjelp akutte i