Kirkens Nødhjelp magasinet

02 2018

Superhelten i flyktningleiren

Kongo

Superhelten i flyktningleiren

Djedo bur i eit stort telt saman med familien sin. Han måtte flykte frå landet sitt og bur no i ein flyktningleir. Der speler Djedo fotball, leiker karate med broren og henter vatn med mamma.

– Me henter vatn i den store blå tanken, seier Djedo.

Han snakker om den store vanntanken som står midt i flyktningleiren kor han og familien bur. Saman med sine to lillesystre, sin lillebror og to foreldre måtte han flykte frå Kongo til Angola. Djedo veit ikkje heilt kvifor, men pappa har fortalt det er fordi nokon folk ikkje likar presidenten i Kongo.

Kongo og Angola er naboland, men for Djedo ser naturen ganske lik ut. Det som derimot er litt rart, er at han no må bu i telt, og at han ikkje kan gå på den vanlege skulen sin.

– Eg går på ein skule der me snakker portugisisk og leikar, fortel Djedo.

Djedo. Foto: Håvard Bjelland / Kirkens Nødhjelp.
Djedo. Foto: Håvard Bjelland / Kirkens Nødhjelp.

Portugisisk er eit språk han ikkje har lært i Kongo, men Djedo synest uansett det er kjekt å lære noko. For det er mykje fritid i flyktningleiren. Djedo likar godt å spele fotball med veslesyster Benedicte, men også å leike karate med veslebror Patrique. Djedo vinn alltid karatekampane, og Patrique kan få litt vondt, men mest av alt er det gøy.

Kvar dag er Djedo også med og hentar vatn til familien saman med mamma. Då går dei altså til den store blå tanken. Vatn er viktig, spesielt etter at Djedo er ferdig med å spele fotball. Då kan både han, Benedicte og Patrique drikke reint, godt vatn. Og det at Djedo er med på å fikse vatn gjer han til familien vesle superhelt.

Tilbake