Kirkens Nødhjelp magasinet

05 2018

«Ein dag vil kvinnene ta over, og då vil Kongo bli annleis»

«Ein dag vil kvinnene ta over, og då vil Kongo bli annleis»

Vinnar av Nobels fredspris Denis Mukwege meiner at dersom ein pris ikkje vil føre til eit tryggare samfunn for kvinner, er prisen ikkje verdt noko.

På Panzi-sjukehuset i Bukavu i Aust-Kongo har Denis Mukwege og kollegaane hans behandla over 50.000 kvinner for skadar etter seksualisert vald. Samtidig bruker Denis Mukwege si rolle til å kjempe for at dei skuldige skal bli straffa for å bruke valdtekt som våpen i krig.

Kirkens Nødhjelp byrja å støtte arbeidet til Mukwege i 1994, då han dreiv eit mobilt sjukehus som behandla overlevande etter overgrep. Etter kvart fekk han støtte til å skipe Panzi-stiftinga, og byggje Panzi-sjukehuset, som i dag er eit stort og viktig tilbod.

Legen har etter kvart bahandla mange kvinner med grufulle historier, men alt det forferdelege går framleis inn på han.

– For kort tid sidan fekk vi inn ei lita jente på fire år. Fullstendig øydelagd. Tenk, no øydelegg dei småbarn, seier Mukwege med eit oppgitt uttrykk i andletet.

Kvinnene og barna er øydelagde fysisk og psykisk. Mukwege seier at når dei øydelegg kvinner, så øydelegg dei heile nasjonen og heile samfunnet.

Masseøydeleggingsvåpen

Han kallar slike overgrep for masseøydeleggingsvåpen. Valdtekt blir brukt systematisk som eit våpen for å gjere så stor skade som mogleg, for heile samfunnet.

– Når nokon valdtek eit barn, ein baby på to år, eller på tolv månadar, kva er målet? Det er berre for å vise korleis dei kan øydelegge folk. Det er berre for å traumatisere – ikkje berre det barnet, men heile samfunnet, seier han.

Dette er frykteleg for samfunnet, og det betyr at familiar blir øydelagde, og folk vender seg mot kvarandre på grunn av skam og redsel. Valdtekne kvinner kan bli utstøytte av familien og av heile lokalsamfunn. Etter kvart blir samfunnet svakare og svakare.

– Verda må stå opp mot dette og forstå at vi ikkje kan akseptere denne forma for våpen. Vi kjemper mot kjemiske våpen, vi kjemper mot atomvåpen, kvifor ikkje mot valdtekt som eit våpen i krig, spør Mukwege.

Dr. Denis Mukwege ved Panzi sykehuset i Kongo. Foto: Endre Vestvik / Kirkens Nødhjelp.
Dr. Denis Mukwege ved Panzi sykehuset i Kongo. Foto: Endre Vestvik / Kirkens Nødhjelp.

Frykt fører til svolt

Aust-Kongo er ein region som er rik på ressursar, med stor rikdom over og under jorda. Men for mange er det flukt og svolt som er verkelegheita. Kvinner som framleis bur i landsbyane sine, er ofte redde for å dyrke marka.

Dei kjenner altfor godt historier om kvinner som har blitt overfalt av væpna menn, medan dei har arbeidd i åkeren.

– Her har vi ni månadar med regn i året. Men folk svelt ihel, dei har ikkje mat. Fordi dei tør ikkje vere i åkeren og dyrke mat. Så folk forlet landsbyen og blir internt fordrive, heilt utan hjelp og vern, seier Mukwege.

Kvinner tar over

Det han fortel om situasjonen i landet han har vakse opp i, og om dei overlevande han har hjelpt, er vanskeleg å førestille seg. Sjølv ser han håp.

– Vi ser kvinner som er så sterke. Som kjempar for sine rettar. Som forandrar sine eigne liv, liva til familien, liva til heile samfunnet. Då kjenner eg at eg ikkje kan gje opp. Eg trur at kvinnene her er framtida til landet vårt. Og eg veit at ein dag vil kvinnene ta over, og då vil Kongo bli annleis, seier han.

Mukwege har blitt tildelt mange prisar for arbeidet han gjer, men meiner sjølv at prisane i seg sjølve ikkje er verdt noko.

– Eg må bruke min plattform for dei stemmelause kvinnene i Kongo. Dersom ein pris ikkje kan endre liva til kvinnene i Kongo, så er det ein heilt ubrukeleg pris. Det må vere heile poenget med denne prisen, at det skal føre til noko betre, seier han.

Angrep på alle menneske

– Vi må ha ein reaksjon som viser at det er nulltoleranse for valdtekt av kvinner. Alle må ta sitt ansvar. Vi kan ikkje berre seie “det er ikkje meg”. Vi er alle menneske – vi deler menneskeslekta med alle kvinnene i verda som er øydelagde, seier Mukwege.

Han meiner at dersom ei kvinne er valdteken, er det eit åtak på alle menneske. Og han meiner alle må vise at ein ikkje kan akseptere det.

– Det er enkelt å seie at “eg valdtek ikkje kvinner, eg respekterer kvinner, så det er ikkje mitt problem”. Det er bra, men det er ikkje nok, seier han.

Han meiner ein må gå lenger enn det.

– Vi må seie “eg valdtek ikkje kvinner, og eg kjempar for at kvinner ikkje skal bli valdtekne”. Då trur eg at vi saman kan seie at dette ikkje skal skje i våre samfunn, fordi vi respekterer menneskeheita og vi høyrer saman.

Tilbake

Gi en gave

Din støtte går der behovet er størst

Du kan gi uten å fylle ut opplysninger om deg selv, men legg gjerne inn e-postadresse og telefonnummer om vi kan få lov å kontakte deg av og til, for eksempel de gangene vi trenger akutt hjelp.

Gaven din kan gi 250 kr er nok til å gi 1 person personer varig tilgang til rent vann hver måned