Kirkens Nødhjelp-magasinet

01 2017

Når New York kjem til den afrikanske landsbygda

Aktuelt: Fasteaksjonen

Når New York kjem til den afrikanske landsbygda

Det er langt frå FN-skyskraparen på Manhattan til landsbylivet i Tanzania. Men FNs berekraftsmål har ambisjonar om utgjere ein skilnad begge stader – og i resten av verda. Vårt møte med ein landsby i Tanzania fortel at det ikkje er nokon enkel jobb.

Ein mann parkerer den store motorsykkelen sin, han henger hjelmen på styret og set seg ned under eit tre. Der sit han med hendene folda i fanget medan han fortel oss kor hardt han jobbar for å sikre reint vatn til landsbyen sin.

Mannen er lokalpolitikar, men det er få rundt han som kjenner til historia han fortel. For under nabotreet sit alle dei i landsbyen som ikkje er politikarar, og dei har nettopp fortalt gjestane frå utlandet ei heilt anna historie.

Vatnet som aldri kom

Bebuarane i Ikonda, ei lita bygd i Tanzania, har fortalt gjestene frå Kirkens Nødhjelp om lokalpolitikarar som i fleire tiår har lova reint drikkevatn, utan at noko har skjedd.

Det siste året har likevel noko skjedd, for ein brønn har faktisk blitt bygd, men den er ikkje bygd av politikarane. Det er landsbybebuarane sjølve som har bidrege med sparepengar og dugnad til å få på plass ein brønn, med støtte frå Kirkens Nødhjelp og vår Tanzanianske partnar, Tanganyika Christian Refugee Service.

Men sjølv om lokalpolitikarane aldri har skaffa vatn til Ikonda, så fortel altså denne mannen som sit i skuggen av treet at dei lokale styresmaktene meiner vatn er det aller viktigaste.

– Reint drikkevatn er førsteprioritet for distriktsstyret. I budsjettet er det sett av pengar til å bygge demningar for å sikre vatn til menneske og dyr, fortel politikar Makanasa Kishiva.

Men han legg raskt til at akkurat det vatnet ikkje er reint nok til å vere drikkevatn for menneske.

Det er Kishiva, saman med dei andre folkevalde i regionen, som har ansvaret for at det er reint vatn tilgjengeleg.

VENTAR PÅ HANDLING: Bebuarane i Ikonda fortel ei heilt anna historie enn politikaren på motorsykkelen. Dei seier dei har venta på brønn i mange, mange år, men at det ikkje vart ein realitet før Kirkens Nødhjelps partnar i Tanzania og bebuarane sjølve tok tak og bygde ein brønn. Tilliten til politikarane er låg.
VENTAR PÅ HANDLING: Bebuarane i Ikonda fortel ei heilt anna historie enn politikaren på motorsykkelen. Dei seier dei har venta på brønn i mange, mange år, men at det ikkje vart ein realitet før Kirkens Nødhjelps partnar i Tanzania og bebuarane sjølve tok tak og bygde ein brønn. Tilliten til politikarane er låg.

– Skuldar alltid på budsjettet

– Dei gjer ingenting. Me har mange problem, og dei kjem med lovnader. Men etter valet ser me ikkje noko meir til dei.

Orda kjem frå Sambo Mlawa. Han bur i Ikonda, og det er med frustrasjon i stemma han fortel ei heilt annleis historie enn lokalpolitikaren. Bebuarane i Ikonda veit det er politikarane sitt ansvar å skaffe reint vatn, men tilliten er lik null.

– Kvar gong det er landsbymøtet er reint vatn eit tema. Me teier ikkje stille om det. Me seier frå, og dei kjem med lovnader. Men til slutt skuldar dei alltid på budsjettet, seier Sindama Kasingye.

Lovar betring med ny regjering

– Reint drikkevatn til landsbyen er vår viktigaste sak, gjentek politikaren Kishiva.

– Reint vatn vart anerkjent som ein menneskerett i Tanzania allereie i 2002, seier han.

Men sekunder etterpå må han innrømme at dei lokale styresmaktene likevel ikkje har klart å sikre reint drikkevatn i Ikonda - 14 år etter at dette altså vart ein menneskerett. Han skuldar på dårlege budsjett.

– Statsbudsjettet har mykje pengar til å sikre reint vatn, men me har aldri sett noko til det. Me ventar at den noverande regjeringa leverer betre enn den førre, seier Kishiva.

I likskap med mange andre i Tanzania håper lokalpolitikaren på at landets nye president, John Magufuli, skal skape endring. Karismatiske Magufuli har slått hardt ned på korrupsjon, men er også kritisert for å stramme inn på ytringsfridomen.

Det stanser likevel ikkje bebuarane i Ikonda frå å seie si meining.

Vil ha reint vatn til dyra

– Me har ikkje fått vatn frå styresmaktene, berre frå bistandsorganisasjonar, seier den lokale kyrkjeleiaren og evangelisten Timotheo Daudi, og tenkjer på den nye brønnen som er bygd med innsats frå landsbyen og Kirkens Nødhjelps partnarorganisasjon.

– No har me reint vatn, og det har redusert omfanget av vassborne sjukdommar. Me ber om hjelp også i framtida, for å redusere sjukdomsomfanget endå meir. Og dyra våre bør også få reinare vatn, seier Sindama Kasingye, som veit godt at dyra må ta til takke med brunt vatn.

Sikker på attval

– Om 15 år vil alt vere «Nzuri Sana» – veldig bra.

Det er framleis lokalpolitikar Kishiva som står for optimismen. Han fortel om planar om å legge røyr frå Victoriasjøen, og heilt ned til landsbyane i distriktet. Røyra skal ligge under bakken og sikre trygg tilgang til vatn fortel Kishiva. Innan fem år skal det vere på plass, fortel han.

– Kva konsekvensar kan det få om det ikkje skjer?

– Frå eit politisk perspektiv, så er me heilt nøydde til å følgje dette opp om me vil bli velt på ny ved neste val.

– Så, trur du at du kjem til å bli velt på ny?

– Ja, det er eg heilt sikker på. Eg møter ofte folket her i landsbyen, og til meg seier dei at dei er godt nøgde, seier Kishiva.

Når Makanasa Kishiva set seg på motorsykkelen og hastar vidare til neste møte, så sit landsbybebuarane att under treet. Det er desse folka han er sikker på kjem til å stemme på han på ny, men dei seier at dei stolar meir på bistandsorganisasjonane enn politikarane.

Også politikarane i New York har lova dei reint vatn. Spørsmålet er om landsbybebuarane har noko meir tiltru til dei. No er uansett alle glade for at det er komen ein brønn i det minste, som gjev folk i Ikonda reint og trygt vatn – 14 år etter at det vart ein menn

Tilbake